Gå til hovedinnhold

Samarbeid med oss

Wikimedia Noreg samarbeider med arkiv, museum og bibliotek, statlege direktorat og råd, høgskular, universitet og ulike organisasjonar. Vi har omfattande prosjekt som strekkjer seg over fleire år, men òg samarbeid om enkeltarrangement.

Nokre av prosjekta våre handlar om å auke mangfaldet blant dei frivillige i Wikimedia-prosjekta eller om å styrkje mangfaldet i innhaldet. Les meir om mangfaldsarbeidet vårt.

Kanskje institusjonen/organisasjonen din har ein idé eller eit prosjektforslag?

Vi vil gjerne samarbeide om

Døme på samarbeid

Foto: Monica Ferreira Ask, CC BY-SA 4.0.

Tilbod til studentar

Vi held kurs og workshopar for studentar saman med faglærarar på høgskuler og universitet. Studentane lærer å formidle tekst, bilete eller data i Wikimedia-prosjekta, til dømes ved å skrive ein Wikipedia-artikkel. Undervisninga er ofte hybrid og kan bestå av éi eller fleire økter, og alle studentane får sin eigen fadder. Dei siste åra har vi undervist studentar frå OsloMet, UiO, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo og NTNU i Trondheim.

Foto: Jarle Kvam, CC BY-SA 4.0.

Wikipedia og kulturmiljø

Januar 2026 heldt vi workshop for tilsette hos Rikantikvaren. Ofte kartlegg vi kunnskapshol innan eit fagfelt saman med ein partnar. Så gir vi tilsette eller frivillige opplæring og motivasjon til å jobbe med å fylle desse hola i Wikimedia-prosjekta.

Wikidata for bibliotekarar

September 2025 vart vi inviterte til å halde inspirasjonsseminar for bibliotekarar i BETH (Bibliothèques Européennes de Théologie) om korleis dei kan nytte Wikidata i arbeidet sitt. Vi held ofte foredrag om Wikimedia-plattformane og rolla deira i det digitale landskapet i dag.

Fotograf: Ukjent, 07.05.1914.
Eier: Riksarkivet.

Reinbeitekommisjonen av 1913

Saman med Arkivverket publiserte vi 1700 bilete frå arbeidet til kommisjonen. Kunnskapen skal bidra til å nyansere den historiske forståinga mellom nordmenn og den samiske befolkninga. Vi har samarbeidd med fleire arkiv og museum om å gjere samlingar fritt tilgjengeleg digitalt.

Foto: Monica Ferreira Ask, CC BY-SA 4.0.

Huswikipedianar på Nasjonalmuseet

Sommaren 2024 gjekk Wikimedia Noreg og Nasjonalmuseet saman om et prosjekt der ein kunsthistorikar skreiv 50 Wikipedia-artiklar om kvinnelege kunstnarar, arkitektar og designarar som var representerte i samlinga til museet. Vi ga opplæring i Wikipedia-skriving, mens ein kurator og ein bibliotekar ved Nasjonalmuseet ga kunstfagleg veiledning.

Wikitreff på Saupstad bibliotek 21. oktober 2024
Foto: Leif Ottar Wullum.

Styrka kvinneandel på Wikipedia

Sidan 2023 har vi samarbeidd med bibliotek, lokallag av Norsk kvinnesaksforening og mange andre foreiningar om å rekruttere og lære opp kvinner som vil skrive på Wikipedia. Målet er å jamne ut kjønnsubalansen på Wikipedia.

Foto: E. Carrera, CC BY-SA 4.0.

WikiNobel

Kvart år når vinnaren av Nobels fredspris blir kunngjord, er vi gjester hos Nobels Fredssenter. Derfrå koordinerer vi ein digital, internasjonal skriveverkstad, slik at Wikipedia-artiklar om vinnaren blir skrive eller oppdatert på mange språk. Les om WikiNobel 2025.

Frivillige

Som frivillig kan du hjelpe oss med mange ting! Opplæring i Wikipedia-redigering, hjelpa til med konkurransar og wikitreff. Har du nyttig kompetanse som du vil dele med oss, ta gjerne kontakt! Eller ta kontakt om du har ein idé som du ønskjer hjelp til å sparka i gang! Meld deg inn.