Entreprenørar og tilsyn trivst saman i sandkassa

Tett kontakt med regulerande instansar drep ikkje kreativiteten hjå entreprenørane. Tvert om opplever dei samarbeidet som berikande.

Av Torstein Helleve
Publisert 3. okt. 2024
To hjarte forma av sand

I regulatoriske sandkasser møtest entreprenørar og offentlege tilsyn. Foto: Colourbox

Innovasjonar er per definisjon noko nytt. Dermed kan dei kom til å bevega seg ut i eit gråsonelandskap der det er uklart for entreprenørane korleis dei skal forholda seg til gjeldande lover og reglar.

Derfor tok det engelske finanstilsynet i bruk eit nytt verktøy i 2016; regulatoriske sandkasser. Eit kontrollert testmiljø, der hensikta er å hjelpa entreprenørar å utvikla ideane sine innanfor gjeldande regelverk.

– Samfunnet har to interesser her som fort kan koma i konflikt: på den eine sida ynskjer ein nye løysingar og produkt som på ein eller annan måte kan vera til nytte, på den andre sida skal ein ivareta personvern, fylgja gjeldande lover og så vidare, seier Kristin Undheim, stipendiat ved Institutt for informatikk, Universitetet i Oslo.

Transparente prosessar eit mål

– Norske tilsyn såg raskt at dette var interessant. Spesielt Datatilsynet og Finanstilsynet, men òg Arkivverket i samarbeid med Digitaliseringsdirektoraret sjølv om dei har vore mindre aktive den siste tida.

Undheim forskar på digitalt entreprenørskap, og har frå innsida fått fylgja prosessane i dei regulatoriske sandkassene til Datatilsynet, som ho spesielt rosar for å vera transparente.

– Samstundes er det eit mål for både Datatilsynet og Finanstilsynet nettopp at prosessane er transparente, forklarar ho.

Frykt for at kreativiteten vert strupt

Kristin Undheim
– Eg har vore oppteken av kva som skjer ut frå entreprenøren sin ståstad, seier Kristin Undheim. Foto: Mats Bakken

– Det er ikkje så mange bedrifter som får anledning til å leika i tilsyna sine sandkasser. Derfor er det eit viktig mål å velja case som kan vera rettleiande for fleire enn dei som er direkte involvert.

Tilsyna har pleidd å lysa ut sandkasser i søknadsrundar, men Finanstilsynet har gått over til laupande oppstart. Bedriftene og tilsyna går deretter inn i ein seks til åtte månadars prosess med regelmessige heil- eller halvdags workshops.

– Noko av det eg har vore oppteken av, er kva som skjer ut frå entreprenøren sin ståstad. Kvifor vil entreprenøren gå i så tett dialog med tilsyna? Kva får dei ut av det? Frå utsida har nokre frykta at byråkratane skal strupa kreativiteten, seier Undheim.

Sandkasser ikkje klart definert

– Men i forskinga mi finn eg at entreprenørane har opplevd samarbeidet som svært positivt. Faktisk ser dei kanskje heller at moglegheitsrommet utvidar seg. Kontakten med regulatorane gjer at dei får tydeleggjort og òg utfordra ideen sin i ein tidleg fase. Dei fleste opplever at prosessen hjelper dei til å utvikla meir kreative og robuste løysingar. Dei kan få redusert usikkerheit gjennom avklaringar der og då, sjølv om tilsynet er nøye på at sandkassa ikkje gjev noko førehandsgodkjenningar,

Ho understrekar at regulatoriske sandkasser framleis er eit ungt verktøy, som heilt sikkert kjem til å utvikla seg vidare.

– Verken kva sandkasser er eller kva funksjon dei skal ha er klart definert endå. I Europa er det løpande diskusjonar om blant anna korleis sandkassene bør innrettast og korleis prosessen med opptak til sandkassa bør vera for å hindra at nokre aktørar i sandkassa får uforholdsmessig stor innflytelse på tolkinga av lovverket, seier Undheim.

Nye problemstillingar heile tida

– I andre land har ein òg gjeve enkeltbedrifter unntak frå nokre reglar for å sjå kva utslag det gjev. Det har utløyst diskusjonar om kor vidt det kan gje konkurranseforsprang. I den gryande forskinga på sandkasser er transparens og openheit to verdiar som vert trekte fram som essensielle for at sandkassene skal møta desse bekymringane.

Ho fortel at EU nyleg har kome med ei forordning om kunstig intelligens, som forpliktar medlemsstatane til å oppretta regulatoriske sandkasser som tilbyr eit kontrollert miljø for å fremja innovasjon, fasilitera utvikling, testing og validering av innovative KI-system før dei hamnar på marknaden. Det vil vera ei litt anna innretning enn den regulatoriske sandkassa som Datatilsynet har i dag, som skal stimulera til personvernvenleg innovasjon og digitalisering.

– Så det vert sannsynlegvis ein litt annan type sandkasse enn dei dialogbaserte sandkassene vi har i dag. Men nye problemstillingar dukkar opp heile tida, seier ho.

Opnar eit rom som ikkje var der før

– Framover vil vi kanskje sjå fleire sandkasser på tvers av tilsyna, for bedriftene må nødvendigvis forholda seg til heilheita. I England har ein òg eksperimentert med andre design, som intensive to-vekers sandkasseløp. Seksmånadars-modellen er kanskje ikkje optimal, ikkje for alle tilfelle i alle fall.

Korleis vi skal evaluera sandkassene er eit anna sentralt tema Undheim trekkjer fram, så vel som korleis resultata frå sandkassa skal spreiast til bransjen som heilheit.

– Og kva inneber det eigentleg at sandkassen skal bidra til å fremme ansvarleg innovasjon?, spør ho.

– Sandkassene opnar uansett eit rom som ikkje har vore der før for diskusjonar som ikkje finn stad andre stader. Diskusjonane femner moral, ansvarlegheit og til sjuande og sist til og med kva samfunn vi ynskjer oss.

Emneord: Informatikk