Forskingsformidling: Moden for museum

Kunnskap er makt. Men kva hjelper det å vite om ein ikkje forstår? Å formidle forsking skal ikkje berre handle om faktakunnskap, men òg gi ei forståing som folk kan ta med seg. Kva den enkelte borgar skal meine om til dømes gasskraft og genmodifiserte matvarer eller radioaktivitet langs norskekysten, er avhengig av den forskingsformidlinga dei får.

OPPDAGINGSFERD: Barn lagar silketrådar under utstillinga "Det gåtefulle Kina" på Universitetets naturhistoriske museum og Botaniske hage på Tøyen. Foto: Ståle Skogstad (©)

Forskingsformidling skal betre folks kunnskapar i blant anna naturvitskap. Det er svært viktig for ei demokratisk deltaking. Musea kan bidra til å auke denne kunnskapen. Musea her i landet er plassar der ny og viktig kunnskap kan verte sett i eit større perspektiv, der kunnskap kan formidlast på ein betre måte - i alle høve skal vi tru rådgjevar Merethe Frøyland i Norsk Museumsutvikling og Ellen Karoline Henriksen, førstelektor ved Fysisk institutt, UiO. Dei to har i sine doktoravhandlingar sett på korleis nettopp musea kan vere med på å auke folks kunnskapar på det naturvitskaplege området. Forsking på formidling er blitt eit eige fagfelt, og Henriksen og Frøyland er ein del av forskingsmiljøet.

Med bakgrunn i faga fysikk og geologi veit dei at det til tider kan vere vanskeleg å formidle naturvitskap. Difor meiner dei at forsking på formidling trengst.

– Det finst ikkje eit fasitsvar på kva god formidling er, men vi meiner det er viktig at det ligg ein tanke bak all formidling, at ein kjenner sitt publikum og er bevisst på kva slags formidlingsmetode ein vel. Vi meiner òg det skal vere variasjon i formidlingsmetodane, seier Henriksen og Frøyland.

Fleire intelligensar

Det går an å presentere viktig kunnskap på mange forskjellige vis, å vinkle innhaldet slik at det vert tilpassa mottakarens interesser og kanskje på ein morosam måte. Eit av måla bør vere å halde vitelysta og interessa for å lære ved like.

Merethe Frøyland er opptatt av å ta i bruk fleire og alternative tilnærmingsmåtar og ulike teoriar i formidling. Ho viser til den amerikanske psykologen Howard Gardners teori om at mennesket har fleire intelligensar. Ein intelligens er definert som eit medfødt biopsykologisk potensial som vert aktivert og utviklar seg i ein kulturell samanheng.

Gardner deler intelligensane inn i åtte typar: språk, logisk-matematisk, visuell-romleg, musikalsk, kroppsleg, naturalistisk, interpersonleg (sosial) og intrapersonleg (sjølvinnsikt).

– Gardner hevdar også at menneske ikkje har forstått før ein kan bruke kunnskapen i ein ny situasjon, og akkurat det kan vi godt ta lærdom av, seier Frøyland.

Ho og Henriksen hevdar at dei gamaldagse oppfatningane om at det er eit slit å lære, også bidreg til at folk ikkje vil lære.

Senter for kunnskap

Dei to meiner det er her musea kan spele ei rolle.

– Ved dei naturhistoriske musea vil vi særleg framheve ”science centre” – ”vitensenter” på norsk. Dette er stader der barn og vaksne kan møte naturvitskapen i ein atmosfære av leik og læring. Ved å eksperimentere, diskutere med kvarandre eller museumstilsette, delta i ekskursjonar, debattar eller dramaframsyningar, kan publikum nærme seg vitskapen på eigne premissar. Pedagogikken i sentra legg òg vekt på at publikum skal ta i bruk fleire sansar og fleire evner, og den byggjer på at læring kan vere moro. I Noreg har no fleire museum latt seg inspirere av vitensenterpedagogikken når dei utviklar og fornyar tilbodet sitt til publikum.

For å nå fram med ein bodskap meiner Henriksen og Frøyland at forskarar kan lære av journalistar.

– Vi må våge å ta bort informasjon eller nokre historier for at bodskapen kan gjerast enklare. Ved å innbille oss at alle vil motta og oppfatte informasjon på same måte, selekterer vi folk og dermed sørgjer vi for at mange ikkje vil oppfatte bodskapen. Det er i alle fall i strid med den demokratiske tanken om at kunnskap skal vere tilgjengeleg for alle. Det seier seg dessutan sjølv at ikkje alle, faktisk dei færraste, kan lese ei stor vitskapleg avhandling. Samstundes kan denne avhandlinga innehalde mykje ny og viktig kunnskap som omverda har krav på å få vite noko om.

Redd for å verke useriøs

Dei to meiner akademikarar er for redde for å forenkle ting, dei er redde for ryktet sitt.

– Dei har god grunn til det. Ein del forskarar har lett for å kritisere detaljar når kollegaer går ut i det offentlege med ei forenkla framstilling av forskinga. I staden skulle dei ha støtta kvarandre. For å oppmuntre forskarar til å prioritere formidling, burde evna til formidling vere eit kriterium ved tilsetjingar og ved vurderingar av den enkelte forskar sitt arbeid.

Frøyland og Henriksen meiner det ligg ei plikt til formidling i all forsking.

– Tradisjonelt skal vitskap basere seg på nøytralitet, men forsking kan aldri vere heilt objektiv. Forsking er også person- og kulturavhengig. Teoriar og hypotesar vert skapte hos menneske, og dette er sider ved forskinga som gjerne kunne kome klarare fram i formidlinga.

Kvifor museum

For å sjå nærare på korleis musea kan vere med på å auke folks vitskaplege utdanning, har Frøyland og Henriksen gjort ei undersøking av folks haldningar til museum. Det viste seg at dei fleste såg på musea som gamaldagse og støvete institusjonar med liten relevans til dagleglivets problem og vår eiga tid. Dessutan meinte dei fleste at musea først og fremst var viktige for barn.

– Skal musea kunne gjere ein innsats for den allmennvitskaplege utdanninga, må desse haldningane endre seg. Musea må vise at dei kan ta tak i dagsaktuelle problemstillingar og formidle ny kunnskap slik at både barn og vaksne finn noko som er relevant for dei i deira eigne liv. Ved å ta tak i kontroversielle tema og ta i bruk nye formidlingsmetodar, kan musea vinne eit større publikum og få ei langt meir aktiv rolle i samfunnet enn den dei har i dag. Vitensenterpedagogikken og teorien om multiple intelligensar er to av ei rekke reiskapar musea kan bruke for å nå fram til publikum i ulike aldrar, med ulike forutsetningar og læringsstilar. I dei 800 musa her i landet er det kvart år ni millionar besøk, inklusiv turistar. Dette utgjer eit stort potensial for interessante vekselverknader mellom vitskap og omverda, meiner Merethe Frøyland og Ellen Karoline Henriksen.

Emneord: Psykologi, Samfunnsvitenskap, Pedagogiske fag Av Norhild Midtbø
Publisert 1. feb. 2012 12:08

Logg inn for å kommentere