Zulu har dei fem vokalane i, e, a, o, u, med eit perifert skilje mellom korte og lange vokalar. Språket har kring 50 konsonantfonem; talet avheng noko av analysen (fonema er skrivne ortografisk):
Klikklydane (velarisk ingressive språklydar) er skilde frå kvarandre ved at c q x (c median, alveolar; x lateral, alveolar; q postalveolar) er orale, ustemde; gc gx gq er orale med luftfylt stemme; ch qh xh er orale og aspirerte; nc nq nx er nasale med vanleg stemme; ngc ngq ngx er nasale med luftfylt stemme. Klikklydar er uvanlege i niger-kongospråka, der dei berre finst i nokre sørlege bantuspråk, heilt tydeleg som påverknad frå ikkje-nigerkongospråka i det sørlege Afrika, dei såkalla khoisanspråka, der klikklydar er vanlege.
Som dei fleste afrikanske språk sønnanfor Sahara er zulu eit tonespråk, med ein høg, ein låg og ein fallande tone, som ikkje er markerte ortografisk. Trykket ligg alltid på den nest siste stavinga i ordet, og den trykksterke vokalen blir forlengd. Infinitiven ukugigitheka 'å fnise' har da denne uttalen, når både trykk, vokalforlenging og tonar er noterte: [úkùɡìɡìˈtʰêːk'à]. (´ = høg tone, ̀ = låg tone, ̂ = fallande tone).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.