Tyrkiske språk er ein språkfamilie som høyrer heime over eit stort område i Midtausten, Sentral-Asia og Nord-Asia, delvis også i Aust-Europa. Tyrkiske språk blir tala av over 180 millionar menneske.
tyrkiske språk
Faktaboks
- Også kjend som
-
turkic
Inndeling

Dei 41 nolevande tyrkiske språka kan delast inn i seks grupper, her nemnde med talet på førstespråkstalarar:
-
sørvesttyrkiske (oghuziske) språk, mellom anna:
- tyrkisk (Tyrkia-tyrkisk) – 84 millionar
- gagausisk i Moldova – 146 000
- aserbajdsjansk (azeri) i Aserbajdsjan og Iran – 24 millionar
- turkmensk i Turkmenistan – 6,5 millionar
- sørausttyrkiske (uiguriske) språk, mellom anna:
-
nordvesttyrkiske (kiptsjakiske) språk med:
- tatarisk og basjkirsk i Russland rett vest for Uralfjella – 4,3 millionar
- krimtatarisk – 581 000
- kasakhisk – 16,3 millionar
- karakalpakisk og kirgisisk i Sentral-Asia – 872 000
- karaimisk i Litauen – 126
- nogaiisk (85 600), kumykkisk (402 600), karatsjaiisk-balkarsk (280 700) i Nord-Kaukasia
-
nordausttyrkiske (sibirske) språk, med to greiner:
- sørsibirsk: altaityrkisk (62 600), khakassisk (19 000), sjortsisk (2 930), tuvinsk (257 750)
- nordsibirsk: jakutisk (378 000), dolgansk (4 840)
- tsjuvasjisk (ved det midtre laupet til Volga, grannespråk til tatarisk) – 738 150
- khaladsj (i midtre Iran) – 19 000
Slektskap med andre språkfamiliar
Ordsamanlikning
Tabellen under viser talorda frå 1 til 5 i språk frå ulike greiner av den tyrkiske språkfamilien, her attgjeven i IPA-transkripsjon. (Merk forkortingane SV = sørvest, SA = søraust, NV = nordvest, NA = nordaust, tsjuv. = tsjuvasjisk.)
urtyrkisk | SV-tyrkisk | SA-tyrkisk | NV-tyrkisk | NA-tyrkisk | tsjuv. | |
---|---|---|---|---|---|---|
Tyrkia-tyrkisk | uigursk | kasakhisk | jakutisk | tsjuvasjisk | ||
1 | *bir | bir | bir | bir | biːr | perrɛ |
2 | *eki | iki | ikki | eki | ikki | ikke |
3 | *yʧ | yʧ | yʧ | yʃ | ys | wiʃʃe |
4 | *tøːrt | dørt | tøt | tørt | tyørt | tɤwattɤ |
5 | *bæːʃ | bæʃ | bæʃ | bes | biæs | pillek |
Språklege særdrag
Med unnatak av jakutisk og tsjuvasjisk er desse språka svært like i grammatikk og ordtilfang.
Fonologi
Mange tyrkiske språk, mellom anna Tyrkia-tyrkisk, har dei 8 vokalane i tabellen nedanfor, her skrivne i IPA-transkripsjon, med tyrkisk ortografi i parentes.
fremre | bakre | |||
---|---|---|---|---|
urunda | runda | urunda | runda | |
høg | i (i) | y (ü) | ɯ (ı) | u (u) |
låg | æ (e) | ø (ö) | ɑ (a) | o (o) |
Aserbajdsjansk har /e/ i tillegg. Urtyrkisk skilde mellom korte og lange vokalar, eit skilje som har overlevd i fleire språk, mellom anna i turkmensk og jakutisk. Mellom anna Tyrkia-tyrkisk og gagauz har mista det opphavlege skiljet mellom korte og lange vokalar, men har utvikla nye lange vokalar ved bortfall av ein følgjande konsonant, til dømes Tyrkia-tyrkisk /dɑː/ 'fjell', ortografisk dağ.
Konsonantsystema varierer noko meir. Her er nokre døme:
- Tyrkia-tyrkisk /p b t d ʧ ʤ kʲ ɡʲ k ɡ f v s z ʃ ʒ h m n l lʲ j r/
- aserbajdsjansk /p b t d ʦ ʣ ʧ ʤ kʲ ɡʲ k ɡ f v s z ʃ ʒ x ɣ h m n l lʲ j r/
- usbekisk /p b t d ʧ ʤ kʲ ɡʲ k f w s z ʃ ʒ x ɣ h m n ŋ l j r/
- uigursk /p b t d ʧ ʤ k ɡ q ɢ v s z ʃ χ h m n ŋ l j r/
- jakutisk /p b t d ʧ ʤ k ɡ s ʁ h m n nʲ ŋ l j j̃ r/
- tsjuvasjisk /p t tʲ ʧ k s sʲ ʃ x m n nʲ v l lʲ j r/
Systematiske vokalassimilasjonar, såkalla vokalharmoni, er eit karakteristisk drag ved tyrkiske språk, med nokre unnatak, som usbekisk. Dette kan illustrerast med nominativ og akkusativ eintal og fleirtal av dei Tyrkia-tyrkiske substantiva el 'hand', akşam 'kveld', köy 'landsby' og kol 'arm' (suffiksa er skilde ut med ein bindestrek som ikkje er ein del av vanleg rettskriving):
tal | kasus | el | akşam | köy | kol |
---|---|---|---|---|---|
eintal | nominativ | el | akşam | köy | kol |
eintal | akkusativ | el-i | akşam-ı | köy-ü | kol-u |
fleirtal | nominativ | el-ler | akşam-lar | köy-ler | kol-lar |
fleirtal | akkusativ | el-ler-i | akşam-lar-ı | köy-ler-i | kol-lar-ı |
Vokalane ö, ü og ı står for /ø/, /y/ og /ɯ/. Fleirtalssuffikset har to former:
- -ler etter ein fremre vokal (i, e, ü, ö)
- -lar etter ein bakre vokal (ı, a, u, o)
Akkusativsuffikset har fire variantar:
- -i etter ein fremre, urunda vokal (i, e)
- -ı etter ein bakre, urunda vokal (a)
- -ü etter ein fremre, runda vokal (ü, ö)
- -u etter ein bakre runda vokal (u, o)
Morfologi
Tyrkiske språk er kjenneteikna ved at ordbøying skjer med suffiks. Suffiksa er klart skilde frå kvarandre, som vist i tabellen ovanfor, og språka blir difor karakteriserte som agglutinerande.
Tyrkiske språk har ikke genus, og skil heller ikkje mellom hankjønn og hokjønn ved pronomen. I 3. person eintal har dei eitt pronomen som svarer til både han, ho og det på norsk, jamfør Tyrkia-tyrkisk og krimtatarisk o, kirgisisk ал (al) og uigursk ئۇ (u).
Dei tyrkiske språka har normalt omkring seks til ti kasus, og nominativ, akkusativ, dativ, lokativ, ablativ og genitiv er vanlege. Til dømes har Tyrkia-tyrkisk, kirgisisk, turkmensk, krimtatarisk og tsjuvasjisk seks kasus, usbekisk og kasakhisk sju kasus, jakutisk åtte kasus og uigurisk ti kasus. Substantivet skil mellom eintal og fleirtal og kan som regel ta possessivsuffiks.
Verbalsystemet er rikt, med mange verbkategoriar – i første rekkje ulike tempus, aspekt og modus, i tillegg til person og tal – som blir uttrykte ved suffiks. Det finst òg eit rikt utval av avleiingssuffiks, med tydingar som resiprok, kausativ, repetitiv, refleksiv og passiv.
Syntaks
Den vanlege rekkjefølgja på setningsledda er subjekt–objekt–verbal (SOV), som i denne uigurske setninga: Exmet bir tal at setivaldi ﺋﻪﺧﻣﻪﺕ ﺑﯩﺮ تال ﺋات ﺳﻪﺗﯩﯟالدی 'Ahmad kjøpte ein hest'. (Nomenfrasen bir tal at 'ein hest' tyder ord for ord «ein stk. hest», der tal «stk.» er eit såkalla måleord, som i mange austasiatiske og søraustasiatiske språk står mellom eit talord og eit substantiv.)
subjekt | objekt | verbal |
---|---|---|
ئەخمەت | ﺑﯩﺮ تال ﺋات | ﺳﻪﺗﯩﯟالدی |
Exmet | bir tal at | setivaldi |
Ahmad | ein stk. hest | kjøpte |
Attributtar står alltid framfor kjernen (overleddet, hovudet) i ein nomenfrase, som i dette kasakhiske dømet, som tyder 'to store brune hestar':
attributt | attributt | attributt | kjerne |
---|---|---|---|
екі | үлкен | қоңыр | ат |
eki | ylken | qoŋǝr | at |
to | stor | brun | hest |
Dette dømet illustrerer òg eit anna vanleg fenomen i tyrkiske språk: Når substantivet — her at (ат) 'hest' — står etter eit talord, har det eintalsform. Utan talordet ville det stå i fleirtal, som attar (аттар) 'hestar' i dette dømet:
- үлкен қоңыр аттар
- ylken qoŋǝr attar
- 'store brune hestar'
Lånord
De aller fleste tyrkiske språk har mange arabiske og persiske lånord.
Trass i at Tyrkia-tyrkisk under Mustafa Kemal Atatürk, president i Tyrkia frå 1922 til 1938, blei utsett for ei puristisk utreinsking av arabiske og persiske lånord, er det framleis mange lånord frå desse språka. I 1931 utgjorde dei arabiske lånorda 51 prosent av ordtilfanget i tyrkiske aviser, medan talet hadde gått ned til 26 prosent i 1965 – med andre ord framleis om lag ein firedel.
Skrift
Tyrkia-tyrkisk blir skrive med det latinske alfabetet, moderne uigurisk dels med arabisk, dels med latinsk alfabet, og dei tyrkiske språka i Iran med arabisk alfabet.
Dei fleste andre tyrkiske språka blir tala i område som tidlegare var ein del av Sovjetunionen og har difor vore skrivne med kyrillisk alfabet sidan 1937. Etter at Sovjetunionen gjekk i oppløysing, har fleire av dei tidlegare sovjetrepublikkane gått over til latinsk skrift. Til dømes blir aserbajdsjansk i dag nesten utan unnatak skrive med det latinske alfabetet.
Historikk
Gamaltyrkisk er kjend frå 700-talet frå Sentral-Asia (Orkhon-innskriftene) og ein rik religiøs litteratur, i hovudsak buddhistisk.
På 1400-talet blei det etablert eit felles skriftspråk, dsjagatai, som etter kvart blei brukt av alle islamske, tyrkiske folk i Sentral-Asia. Dette heldt seg uendra til byrjinga av 1900-talet.
Osmanli er kjent frå 1200-talet, og kumansk eller kiptsjakisk (delvis ved Volga) frå 1300-talet. Ellers er dei fleste tyrkiske språka først blitt skriftspråk på 1800- eller 1900-talet.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Johanson, Lars, and Éva Á. Csató (ed.) 2022. The Turkic languages. 2nd ed. London & New York: Routledge.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.