Thai er eit språk som høyrer til den sørvestlege greina av tai-språka i språkfamilien tai-kadai. Det er hovudspråk og offisielt språk i Thailand.
Thai blir tala av over 60 millionar menneske – eller av litt over 20 millionar, avhengig av korleis ein definerer språket (sjå dialektar under). 20 millionar er talet på dei som har dialekten sentralthai som førstespråk. 97,5 prosent av dei 70 millionar innbyggjarane i Thailand snakkar thai, og i tillegg finst det mindre grupper i grannelanda Kambodsja, Myanmar og Malaysia.
Thai er det einaste offisielle språket i Thailand, og det har status som minoritetsspråk i Kambodsja, Myanmar og Malaysia.
På thai heiter språket pʱāːsǎː tʱāj ภาษาไทย, der pʰāːsǎː ภาษา tyder 'språk'. Thailand heiter offisielt râːcā-āːnāːcàk tʰāj ราชอาณาจักรไทย 'Kongeriket Thailand', men til dagleg blir landet kalla mɯāŋ tʰāj มืองไทย, eller meir formelt prātʰêːt tʰāj ประเทศไทย. Ein person som kjem frå Thailand, heiter cāːūtʰāj ชาวไทย eller kʰōn tʰāj คนไทย. Hovudstaden i Thailand, som vi kallar Bangkok, har det offisielle namnet krūŋ thêːp māhǎː nákʰɔ̄ːn กรุงเทพมหานคร, til dagleg berre krūŋ tʰêːp กรุงเทพฯ.
Kommentarar (2)
skreiv kris nelvik
I bildet av vokalene er det en feil. Det skal stå มึ og ikke มี på plass nr 3 på øverste linje.
svarte Rolf Theil
Hei! Mange takk for at du oppdaga trykkfeilen, som eg no har retta opp.
Med venleg helsing, Rolf Theil
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.