renningsrips med tykt innslag
renningsrips med tykt innslag
Lisens: CC BY NC SA 3.0
Foto av sengeforlegger
Foto av sengeforlegger
Av /Digitalt museum.
Lisens: CC BY SA 2.0

Rips er ein vevnad med tydelege horisontale riller (renningsrips) eller vertikale riller (innslagsrips) i overflata. Grunnbindinga i ein rips er ei lerretsbinding.

Faktaboks

Også kjend som
renningsrips, varprips, innslagsrips, silkerips

I ein renningsrips er renninga tredd så tett at den dekker innslaget. Dei horisontale rillene kjem tydeleg fram når innslaget er av tykt eller av fleirlagt tynt garn. Renningsrips som teknikk vert bruka til dømes i band, – også kalla ripsband. Renningsrips vert også bruka til band, belter, bordløparar og golvmatter.

I ein innslagsrips er det innslaget som dekker renninga. Renninga bør vere tredd glissent, slik at innslaget lett kan dekke renninga. Eksempel på innslagsrips er biletvev, gobelin- og kelimvev.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979
  • Ulla Cyrus-Zetterström: Handbok i vävning, 1980
  • Åse Røst: Bånd på mange måter, 1981
  • Kristin Rømcke: Idéhefte for grindvev, Norges Husflidslag 1997

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg