Middelskule var ein allmenndannande skule for åra mellom småskule og gymnas. Skulane bygde på lov om høgare allmennskuler av 1869 og kunne være statlege, kommunale eller private. Eit viktig skilje gjekk òg mellom skuler med og utan eksamensrett.
Faktaboks
- Også kjend som
-
middelskole; mellomskole; mellomskule
Middelskulen var først og fremst ein byskule og ein betalingsskule. Den fulgte bytradisjonen med eit vasskilje mellom enkel opplæring for dei fleste og den akademiske eliteskulevegen, eit mønster som vara ved til overgangen til felles grunnskule for alle born i 1969. Etter nokre år med barneskule eller heimeundervising kunne elevar i 11–12-årsalderen søkje opptak til ein seksårig middelskule med latinline og engelskline. Fullført middelskuleeksamen var føresetnad for at ein kunne gå vidare til gymnas og ta examen artium.
Høgare allmennskuler var fram til 1964 det offisielle namnet for skuler som leidde fram til middelskuleeksamen eller examen artium. Med felles lov om vidaregåande opplæring frå 1974 var høgare allmennskuler avvikla.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.