Mangold er ein plante i amarantfamilien. Mangold er ein varietet av bete, med store, mørkegrøne blad og breie eller smale bladstilkar. Blada heng saman i eit laust hovud. Mangold liknar stilkkål, men har i motsetnad til denne blad med rufsete og ujamn kant. Det er ei gammal kulturplante som er kjend frå oldtida i middelhavslanda under namnet romersk spinat.
Faktaboks
- Uttale
-
manggålt
- Også kjend som
- Beta vulgaris var. vulgaris (vitenskapelig navn) bladbete, spinatbete
- Vitskapeleg namn
- Beta vulgaris vulgaris
- Beskriven av
- Carl von Linné
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.