Målsaka arbeidde i medvind i tiåra framover. Skulekrins etter skulekrins gjekk over til å bruka landsmål i opplæringa. Fram til og med 1907 hadde i alt 800 skulekrinsar tatt i bruk landsmålet – i 1908 kom det til ikkje mindre enn 445 nye krinsar på eitt år.
I 1907 vedtok Stortinget at gymnasa skulle ha ei obligatorisk skriftleg prøve i sidemålet, det vil seia det målet elevane ikkje hadde som opplæringsmål. Gymnasa var på byrjinga av 1900-talet typiske by-skular der dei fleste elevane kom frå borgar- og embetsmannsmiljø, og dei skeiv på dansk-norsk. Difor reagerte mange på kravet om at elevane nå skulle ha landsmål i tillegg til det «almindelige Skrift- og Bogsproget». Tilhengjarane av skriftleg sidemål brukte pedagogiske argument: Opplæring i landsmål ville letta kunnskapsinnlæringa for elevar med dialektbakgrunn. Dersom denne undervisninga blei uført på rett måte, ville dette også gje eit betre riksmål, blei det sagt.
Den neste store målpolitiske saka som kom opp, var landsgymnassaka. Det var Norigs Ungdomslag som først fremja kravet om eigne fireårige gymnas for landsungdommen, såkalla «heilnorske skular». I 1914 blei det fleirtal i Stortinget for opprettinga av dette skuleslaget, og i 1916 fekk me det første landsgymnaset på Voss.
Det Norske Teatret blei skipa i Oslo i 1912, med dialektar og landsmål som scenespråk. Også i kyrkja vann landsmålet etter kvart terreng. Det Nye Testamentet blei omsett til landsmål i 1899, og heile Bibelen kom på landsmål i 1921 (Fyrebilsbibelen). Dette var ei viktig hending, for Bibelen var folkelesnad og allemannseige. Salmane til Elias Blix blei mykje brukte. I 1925 var også Nynorsk salmebok ferdig.
Utover i 1920- og 1930-åra blei Arbeidarpartiet ein maktfaktor i Stortinget. Så langt hadde partiet hatt ein påfallande mangel på interesse for språkspørsmålet. Med Halvdan Koht (1873–1965) kom noko nytt inn i arbeidarrørsla. Koht understreka at språkspørsmålet var viktig for arbeidsfolk, ja, han sa det så sterkt som at «striden for folkemålet er kultursida av arbeidarreisinga». Koht er også ein av dei personane som særleg bar fram samnorsktanken i 1930-åra.
Samnorskpolitikken gjekk ut på å føra dei to målformene landsmål og riksmål nærare saman. Rettskrivingsreforma i 1938 representerer høgdepunktet i språkreguleringa i retninga mot samnorsk. Nå blei ei mengd former med bakgrunn i dialektane på Austlandet tekne inn i bokmålet, til dømes lauv, fram, etter, snø, språk, mjølk, senga, døra, barna, dyra, mjølka, kasta. Etter rettskrivingsreforma i 1938 bygde det seg opp eit politisk stormvêr mot samnorskformene (særleg a-formene) som nå var blitt obligatoriske i bokmålet. Denne misnøya med bokmålet førte til ny framgang for nynorsk i folkeskulen. Meir enn 900 krinsar gjekk over til nynorsk på to år. Framgangen varte heilt fram til 1944, då 34,1 prosent av skuleelevane hadde nynorsk som opplæringsmål.
Kommentarar (3)
skreiv Oddrun Grønvik
Hei,
Det gjeld det mykje brukte sitatet "paa Børnenes eget Talemaal". Eg saknar eksakt referanse til kvar denne utsegna står i Stortingstidende.
svarte Mari Paus
Hei, Oddrun. Jeg fant denne sakssiden på Stortingets nettsider: https://www.stortinget.no/no/Saker-og-publikasjoner/Stortingsforhandlinger/Saksside/?pid=1871-1891&mtid=50&vt=a&did=DIVL149073 Hilsen Mari i redaksjonen
svarte Oddrun Grønvik
Eg kjem ikkje inn på stortinget.no - truleg pga trontaledebatten. Men eg har også vore inne på katalogen 1871-1891, og funne dokumentet og sitatet.
Her er referansen:
Indst. O. No. 36. Indstilling frå Kirkekomiteen angaaende et af Repræsentanten J. Sverdrup med Flere fremsat Forslag til Lov angaaende Forandringer i og Tillæg til Lov om Almueskolevæsenet paa Landet af 16de Mai 1860. Dokument no. 8, II.
Debatten gjekk 14.5., og eg fann han under repræsentanter - Johan Sverdrup. Men i debatten vart ikkkje sjølve framlegget sitert.
Dersom Indst. O. 36 osb. er dokumentet du har funne, er lenkja rett.
Beste helsing
Oddrun Grønvik
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.