Lemenår er år med særleg store førekomstar av lemen. Kvart tredje til fjerde år aukar talet på lemen kraftig, for deretter å falla raskt ned att. I fjellstrok der lemen har bestandstoppar, er det òg gjerne store førekomstar av andre smågnagarar, men svingingane i populasjonane til dei ulike artane er ikkje alltid synkroniserte.

lemenår

Regelmessige svingingar
Regelmessige svingingar i lemenbestanden, med lemenår kvart tredje til fjerde år, har vore observert langt tilbake i tid, sjølv om antal år mellom toppane har variert noko. Nokre år er det veldig mykje lemen på fjellet over heile Noreg, medan andre år berre vert rekna som lemenår i delar av landet. På 1990- og tidleg 2000-talet vart det derimot ikkje observert lemenår i det heile teke, og det var uro blant forskarar for at svingingane hadde stoppa heilt opp, truleg på grunn av klimaendringar. Men no har svingingane teke seg opp att, med eit skikkeleg lemenår over heile landet i 2011 og meir moderate lemenår i 2007 og 2014.
Innverknad på andre artar

Lemen vert rekna som ein nøkkelart i norsk natur. Mange rovfuglar, ugler og rovpattedyr utnyttar lemenåra til reproduksjon. Nokre artar er avhengige av store bestandar av lemen eller andre smågnagarar for å fø opp ungane sine. Spesielt høgfjells- og tundraartar som fjellrev og snøugle er avhengige av lemenbestanden.
Lemenår kan òg ha stor innverknad på vegetasjonen i fjellet. I toppår beitar lemen så mykje at endringar i vegetasjonen vert synlege på satellittbilete. I tillegg til beitinga er det sannsynleg at den auka gjødslinga i lemenår er med på å utforma vegetasjonen og artsmangfaldet av planter i fjellet.
Årsaker
Den fullstendige forklaringa på kvifor det vert lemenår og kva som styrer populasjonssvingingane er ikkje kjent. Dei to hovudteoriane er at populasjonssvingingane vert styrt av predatorar eller av tilgangen til næring, og då særleg av interaksjonane mellom lemenbestanden og populasjonane av predatorar eller næringsplanter. Klima har truleg òg ein innverknad på kor store svingingane vert.
Åtferd i lemenår

Ved høg tettleik endrar dyra åtferd og vert meir aggressive enn vanleg. Dette har nok samanheng med at dei vert stressa av å ha så mange andre lemen rundt seg. I toppåra kan lemen gå til åtak på forbipasserande menneske og hundar.
Det er ein kjent myte at lemen vert så sinte at dei «sprekk». Denne myten har nok samanheng med at det i lemenår er så mange lemen på fjellet at rovdyr kan forsyna seg av dei beste delane av innmaten og la resten liggja att. Då får ein store mengder opprivne lemenkadaver som ligg rundt og gjerne kan sjå ut som dei har sprukke.
I tillegg er det mogleg for lemen som vert hissa opp for mykje å plutseleg falla om i krampetrekningar og døy. Dødsårsaken er då truleg langvarig stress som kulminerer i ein sjokksituasjon eller eit slag.
Historiske idear om lemenår
I gamle dagar trudde folk at lemen regna ned frå himmelen. Den svenske biskopen og naturhistorikaren Olaus Magnus (1490–1557) illustrerte eit slikt lemenregn i eit tresnitt i verket Historia de gentibus septentrionalibus (1555), og hundre år seinare gav den danske naturforskaren Ole Worm (1588–1654) ei «vitskapleg» forklaring på korleis lemen vart til i skyene. Mange stadar vart lemenår sett på som eit varsel om krig eller uår.

Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.