Heggen blir som regel kraftig beita og ser litt sjaber ut utover sommaren. Langs Alnaelva i Oslo.
Prunus padus

Frukt av hegg. Foto frå: Kværkeby Mose, Midtsjælland, Danmark

Hegg Prunus padus i bløming
Hegg (Prunus padus) i bløming.
Hegg Prunus padus i bløming
Lisens: CC BY SA 3.0

Hegg er eit lauvtre i rosefamilien som er vanleg over store delar av Noreg. Hegg blomstrar i mai–juni med kvite blomar som sit mange saman i blomestandar.

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Prunus padus
Beskriven av
Carl von Linné
Raudlistestatus i Noreg
LC – Livskraftig
Global rødlistestatus
LC – Livskraftig

Beskriving

Hegg er eit lauvtre som sjeldan blir høgare enn 15 meter, men det er funne tre opp til 18 meter i Noreg. Yteveden er lys gul, kjerneveden litt meir brunleg, ofte med gulgrøne årar. Blada er fint sagtanna, og om ein pressar blada slik at noko av bladsafta kjem ut, vil ein kjenne lukt av bittermandelolje. Blomane er kvite, femtallige, tokjønna og insektpollinerte. Fruktene som blir danna er svarte steinfrukter med snerpesmak. Frøa blir spreidde ved at fuglar et frukene som inneheld frø.

Hegg kan formeire seg både seksuelt, ved frø, og vegetativt, ved rot- og stubbeskot.

Utbreiing

Utbreiing av hegg

Naturleg utbreiing av hegg (Prunus padus). Basert på data frå Den internasjonale naturvernunionen (IUCN Red List, versjon 3, 2017).

Utbreiing av hegg

Hegg veks i hovudsak i heile Europa, men finst ikkje i delar av Italia og på Balkan. Hegg veks òg i eit breitt belte frå Asia til Stillehavet.

I Noreg er hegg vanleg som enkeltståande tre i skogar i heile landet. Vi finn hegg nord til Hammerfest, og på Hardangervidda i Sør-Noreg veks det individ heilt opp til 1265 meter over havet. I fjellet veks hegg like langt opp som bjørk. Der er heggen buskforma og med opprette blomeklasar. Hegg er delt inn i to underartar: Skoghegg, Prunus padus ssp. padus og fjellhegg, Prunus padus ssp. borealis.

Vekstkrav

Hegg stiller omtrent dei same krava til varme som dunbjørka. Trea får best utvikling i område der det er noko fukt og god bonitet. Treslaget er skuggetolande, hegg finst ofte i kantsonene inntil bekkar og andre vassdrag, og dessutan inntil jordekantar. Trea trivst ikkje særleg godt på tørr mark.

Heggeblomstringa

Under heggeblomstringa, som skjer tidleg på sumaren, kan mange av dei kvite blomestandane dekkje nesten heile trekrona. Blomane skil ut ein svært spesiell aroma som utandørs kan minne om parfyme. Heggedufta frå blomane er så kraftig at han treng eit stort luftvolum, slik at dufta vert utblanda, for at vi kan kjenne ei velduftande parfymelukt. Om ein tek med seg plukka kvistar med blomar inn, kan ein risikere at dufta blir opplevd som emmen.

Tidspunktet for heggeblomstring har i eldre tider vore eit kalendermerke, ei hending i naturen som gav beskjed om at det no var rett tidspunkt for diverse aktivitetar. Heggeblomstringa har mellom anna gjeve tidspunkt for utplanting av plantar som toler kulde dårleg, og for potetsetjing.

På enkelte nettsider blir det frårådd å plante heggetre tett inntil bustadar og hytter på grunn av den sterke dufta av blomane. I boka «Plantar og tradisjon» skriv Ove Arbo Høeg at det på gardane i tidlegare tider var vanleg med ein svært stor hegg i hagen like i nærleiken av våningshuset/bustaden. Som regel var dette det einaste treet i hagen, og det vart pleidd med stor kjærleik og vakta med omhug.

Bruk

Av frukta frå hegg kan ein lag gelé, vin, likør og saft. Fruktkjøtet i steinfruktene er etande, men frøa i kjernen er giftige, og resten av planten er.

Planting av hegg kan vere aktuelt for å oppnå leverknadar. Dette er spesielt aktuelt i våre nordlegaste fylke, der det er få andre treslag som klarer seg i det hardføre klimaet.

Ved

Veden til hegg er sterk og svært seig, og blir brukt til treskjering og dreiearbeid. Mindre greiner og renningar blir brukte til tønneband eller korgarbeid. Borken inneheld bittermandelolje og vart tidlegare brukt i medisin. Også blomane og fruktene er rike på dette stoffet. I fersk tilstand gjev materiale av hegg ei sterk lukt som minner om karbol. Densiteten (massetettleiken) ved 15 prosent fukt er cirka 0,62 g/cm³.

Kulturhistorisk bruk

Både bork og bær av hegg har blitt nytta opp gjennom åra. I boka «Plantar og tradisjon» av Ove Arbo Høeg står det at heggebærsanking kunne gå føre seg på ein heilt spesiell måte, nemleg som del av eit selskap. Der ein hadde store heggetre inntil garden inviterte eigarane gjestar for plukking av heggebær. Ungdomar ville gjerne vise seg litt fram i slike samanhengar, og klatra høgt opp for å plukke. Dei gledde seg difor veldig til slike «plukke-selskap».

Heggebork har blitt brukt som ingrediens i salve mot brannsår, og avkok av borken har ein nytta mot ormebit. Heggebær skulle ifylgje folketrua vere blodreinsande. Tørka bær vart knuste og blanda med brennevin. Dersom ein fekk eit anfall skulle denne blandinga hjelpe.

Skadar og sjukdommar

Det finst informasjon i enkelte kjelder om at hegg ikkje er særleg utsett for skadar av beitande og gnagande dyr. Årsaka er oppgjeven til smaksstoffa i borken og fersk ved som gjev ein bitter smak og sterk lukt. Truleg er desse smaksstoffa flyktige, for tørr heggebark har blitt nytta som husdyrfôr. Dette vernet på grunn av smaksstoff kan nok òg variere. Andre kjelder opplyser om sterk beiting av hegg i Søraust-Noreg, i vegetasjonstypen gråor-heggeskog.

Heggspinnmøll

Heggetre kan få store angrep heggspinnmøll. Larvane til møllen kan spinne nett omkring seg og fungerer som eit vern. Ved store angrep med mange larvar blir heggetrea sjåande ut som spøkjelsestre.

Heggspinnmøllen lever over heile landet opp til Trøndelag, men har òg blitt observert i angrep på hegg i Nordland. Populasjonane av spinnmøll varierer frå år til år. Somme år kan det vere ekstra store angrep på hegg, slik som i 2024. Norsk institutt for bioøkonomi hadde inga forklåring på kvifor det var så store populasjonar av heggspinnmøll akkurat dette året. Instituttet rekna då med at det var cirka 15 år sidan sist at ein hadde hatt så store angrep av denne møllen på heggetrea.

Indirekte skadar på landbruk og skogbruk

Hegg kan indirekte bidra til skadar på artar innan jordbruket og skogbruket. Havrebladlusa, som kan vere eit alvorleg skadeinsekt på korn og gras, legg befrukta egg på hegg der dei overvintrar.

Lokkrustsoppen (Pucciniastrum areolatum) har vertsskifte mellom gran og hegg. Sporar frå soppen smittar granblomane. Etterfylgjande sumar blir det utvikla skålruststadium i konglane. Året etter blir sporane frå soppen spreidde vidare.

Tilvekst og volum

Ifylgje Landsskogtakseringen er ståande volum av hegg i Noreg 1 415 416 kubikkmeter på produktiv skogmark. Dette er areal med produksjonsevne på minst 0,1 kubikkmeter per daa/mål, og der ein kan drive økonomisk skogbruk. Trea på areal under kraftliner og naturverna areal er ikkje med i dette omgrepet. På ikkje-produktiv skogmark, altså der produksjonsevna er under 0,1 kubikkmeter per daa/mål, står det 145 815 kubikkmeter med heggetre.

Årleg tilvekst av hegg på produktiv skogmark er berekna til 58 294 kubikkmeter. På ikkje-produktiv skogmark er tilveksten 6 532 kubikkmeter.

Systematikk

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Plantae planteriket
Rekke Magnoliophyta blomsterplanter, dekkfrøingar, dekkfrøete planter
Klasse Eudicots tofrøbladete planter
Orden Rosales roseordenen
Familie Rosaceae rosefamilien
Slekt Prunus kirsebærslekta
Art Prunus padus hegg

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Nedkvitne, Knut & Johannes Gjerdåker: Hegg og hassel i norsk natur og tradisjon, 1999, isbn 82-90660-21-9

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Prunus padus
Tidlegare vitskapleg namn
Padus avium Mill., Padus racemosa (Lam.) Gilib., Cerasus padus (L.) Delarbre
Artsdatabanken-ID
103375
GBIF-ID
3021037

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg