«Gavotte», illustrasjon av Randolph Caldecott fra Bretonfolk, 1878
Den bretonske folkedansen gavotte

Gavotte er namn både på ein fransk kjededans og på hoffdanskoreografiar.

Faktaboks

Uttale

gavåt

Etymologi

kan hende etter innbyggjarane i Gap, Dauphiné, gavots.

Den tidlegaste forma for gavotte er ein kjededans hos Thoinot Arbeau sist på 1500-talet. Dei mest ulike formene har ikkje anna enn namnet til felles. Som folkedans er gavotten særleg kjend frå Bretagne.

Hoffdansformene frå barokken er utan nokon presis samlande profil. Etter at kjededansforma gjekk av bruk ved hoffet, var namnet gjerne brukt om koreografiar med liten stabilitet. Sidan motedansar med namnet gavotte hadde så liten formmessig stabilitet, var dei også dansa til musikk i ulike taktarter.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Guilcher, J. (1963). La tradition populaire de danse en Basse-Bretagne
  • Saftien, V. (1994). Ars saltandi : der europäische Gesellschaftstanz im Zeitalter der Renaissance und des Barock. Olms.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg