flekkflue
Flekkfluge
Av /Shutterstock.
Foto av påfuglflue sittende på et blad med vingene stående opp, litt som en påfugl. Vingene er dels gjennomsiktige med sorte flekker i ulike størrelser. Kroppen er på lignende hvis hvit med sorte flekker.
Påfuglfluge

(Ulidiidae) er ein familie av fluger. Det er rundt 800 artar i familien på verdsbasis, fordelt på 128 slekter, men berre 13 artar i åtte slekter er funne i Noreg. Dei er i nær slekt med bandflugene og tiriltungeflugene, og har som desse ofte karakteristiske flekker eller band på vengene.

Faktaboks

Også kjend som
Otitidae
Vitskapeleg namn
Ulidiidae

Beskrivelse

Venga til flekkflugearten Myennis octopunctata
Venga til flekkflugearten Myennis octopunctata

Flekkfluger er små til mellomstore (kroppslengd 2-14 mm), og er relativt avlange. Kroppen er gul til brun eller svart, ofte med metallisk skin. Vengene er gulbrune og har som regel flekkar eller band, men nokre artar har òg heilt gjennomsiktige venger. Den bakerste cella i vengemønsteret (cua, òg kalla analcella) er dregen ut i ein litan spiss nedst, som hjå bandfluger og nokre få sneglefluger. Til skilnad frå bandflugene når den ytste delen av vengeåre Sc heilt til kanten av venga C, og er krumma gradvis. Hjå bandfluger er Sc gjennomsiktig i ytste delen og er bøygd på midten i ein karakteristisk 90-gradars vinkel.

Som alle andre tovenger har flekkfluger kun eitt par vinger, mens det andre vingeparet er omdanna til svingkøller, små knappenålsliknande utvekstar som blir brukt til å balansera og manøvrera i lufta under flygning.

Levevis

Påfuglflue løfter vingene sine som en påfugl under parringsleken
Mange flekkfluger har karakteristisk ådferd når dei skal finne partnar og parre seg. Både hannar og hoer av påfuglfluge viser vengene til kvarandre, nesten som påfuglar.

Larvene til dei fleste flekkfluger er nedbrytarar som lever av dødt organisk materiale som avføring eller råtnande plantemateriale. Mange artar er knytt til sevje og lever under bark. Nokre artar, særleg i Sør-Amerika, kan vera skadedyr på avlingar som til dømes sukkerbete, lauk og mais. Larver av éin art har blitt funne på eit lik, men det er tvilsamt om flekkfluger er av rettsmedisinsk relevanse.

Vaksne flekkfluger kan ein stundom sjå gåande sakte rundt på blad og stenglar, kor dei vifter med vengene. Mange artar brukar vengene til å kommunisere med kvarandre under parringsritualet, til dømes den opphavleg amerikanske arten påfuglfluge (vitskapleg namn Callopistromyia annulipes) kor hannar og hoer viser kvarandre vengemønstra sine, ikkje ulikt påfuglar. Arten har blitt introdusert til Europa.

Utbreiing

Det er kjent om lag 800 artar på verdsbasis, dei fleste av dei i neotropisk region (Mellom- og Sør-Amerika). Mange artar lever òg i Nord-Amerika, og 105 er kjende frå Europa. Dei fleste er knytt til varmare strøk, og berre 13 er i følgje Artsdatabanken kjend frå Noreg.

Nivå Vitenskapelig navn Norsk navn
Rike Animalia dyreriket
Rekke Arthropoda leddyr
Klasse Insecta insekter, insekt
Orden Diptera tovenger, tovinger
Familie Ulidiidae flekkfluer, flekkfluger

Systematikken følger Artsdatabankens inndeling (2024).

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Vitskapeleg namn
Ulidiidae
Artsdatabanken-ID
23787
GBIF-ID
3516

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg