Fiskekrok er ein av dei eldste og viktigaste fiskereiskapane. Fiskekroken sit i enden på ein fiskereiskap som verkar etter lokkeprinsippet, der fisken blir lokka til å gape over agnet eller det han oppfattar som etande. Som namnet seier, har fiskekroken ein bøyg. Den spisse enden, som tidleg fekk ei agnor (mothake), gjer at kroken set seg fast i gapet til fisken.
Faktaboks
- Også kjend som
-
angel, ongel
I vår tid blir fiskekrok brukt i mange slags fiske, frå næringsmessig linefiske med mange tusen krokar til sportsfiske med stong og sluk eller fluge.
Kommentarar (2)
skreiv Peter Lindholm
svarte Redaksjonen i Store norske leksikon
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.