Desimalklassifikasjon er eit klassifikasjonsskjema til bruk i blant anna bibliotek, som har notasjon basert på desimaltal. I klassifikasjonsskjema er det klassar eller emnegrupper, og i desimalklassifikasjon har klassane desimaltal som notasjon.

Faktaboks

Uttale

desimalklassifikasjon

Notasjonen legg opp til at alle fag og emne i klassifikasjonsskjemaet er inndelt i 10 hovudklassar, nummerert frå 0 til 9. Kvar klasse kan delast inn vidare i 10 nye undergrupper, så mange gonger det er bruk for det. I ulike fag og emne vil det vera bruk for eit ulikt tal siffer i klassekodane. Eit desimalteikn vert sett inn etter til dømes tre siffer. Det sikrar at sorteringa vert rett, slik at det er siffera før desimalteiknet som viser sorteringa, ikkje kor mange siffer det er totalt i ein klasse.

Døme frå Deweys desimalklassifikasjon (DDK) på klassekodar desimaltal som notasjon, sortert i rett rekkefølgje, frå miste til største tal:

  • 155.9 Miljøpsykologi
  • 746.432 Strikking
  • 799.27773 Ulvejakt
  • 940 Europas historie

Fordi DDK opprinneleg vart laga i USA, er punktum desimalteikn i dette klasifikasjonsskjemaet. Det same gjeld Universell desimalklassifikasjon (UDK).

Les mer i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg