Casu marzu er ein sauemjølksost som inneheld levande larvar frå ostefloge. Den blir tilverka på Sardinia. Casu marzu tyder «roten ost», og osten er ein variant av pecorino sardo.
Faktaboks
- Etymologi
-
sardisk, 'roten ost'
- Også kjend som
-
casu martzu
Dei levande larvane gjer osten mjuk, og den kan i smak minne om gorgonzola. Larvane kan óg gjere at ein vert sjuk, og det er ikkje lovleg å selje osten i Italia. Det finst ein svart marknad for osten.
Nokon vel å ete både osten og larvane, medan andre tek bort larvane først. Dersom larvane ikkje er levande, kan osten vere giftig.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.