Wesley er eit engelsk mannsnamn som via slektsnamnet Wesley går tilbake til stadnamnet West-ley. Forleddet tyder ‘vest’ og etterleddet ‘lysning i skog’.
Wesley (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Wesley
Eit utval personar med namnet Wesley, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- John Wesley Powell (1834–1902)
- John Wesley Hyatt (1837–1920)
- Sherburne Wesley Burnham (1838–1921)
- George Bellows (1882–1925)
- Wesley Snipes (1962)
- Wesley So (1993)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Wesley som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Av dei som heitte Wesley i perioden 1900–2017, var det 70 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Wesley. Dette inneber at 30 prosent hadde Wesley som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.