Walter er eit toledda tysk mannsnamn der forleddet tyder ‘velde, makt’ og etterleddet ‘krigar’.
Walter (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Walter
Eit utval personar med namnet Walter, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Walter Raleigh (1552–1618)
- Walter Scott (1771–1832)
- Walter Gropius (1883–1969)
- Walter Benjamin (1892–1940)
- Walter Ulbricht (1893–1973)
- Howard Walter Florey (1898–1968)
- Walter Hallstein (1901–1982)
- Walter Antonius Gemmecke (1906–1989)
- Walter Mondale (1928–2021)
- Frank-Walter Steinmeier (1956)
Namnestatistikk
I 2022 var det 605 menn i Noreg som hadde Walter som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 30 gutar som fekk namnet Walter.
Utvikling i bruk av namnet
Walter hadde toppfasen sin i perioden 1915–1924. Dette er seinare enn toppfasen for dei fleste tyske namna (1860–1874).
Utvikling i bruk av namnet Walter frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.