Viktor (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Viktor
Eit utval personar med namnet Viktor, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Viktor Emanuel 2. (1820–1878)
- Viktor Emanuel 3. (1869–1947)
- Viktor Sjklovskij (1893–1984)
- Viktor Emil Frankl (1905–1997)
- Ragnar Karl Viktor Christiansen (1922–2019)
- Viktor Ivanovitsj Kositsjkin (1938–2012)
- Viktor Janukovytsj (1950)
- Viktor Jusjtsjenko (1954)
- Viktor Medvedtsjuk (1954)
- Viktor Orbán (1963)
- Viktor Hovland (1997)
Namnestatistikk
I 2022 var det 3 111 menn i Noreg som hadde Viktor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 133 gutar som fekk namnet Viktor, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Viktor og Victor slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Viktor og Victor er blant dei latinske namna som har hatt toppfasen sin på eit seint tidspunkt (etter 2000). Andre døme er Adrian, Fabian, Felix, Julian og Marius.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Viktor var klart mest brukt i Kristiania.
Viktor var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Victor.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.