Faktaboks

Uttale

slire

Administrasjonssenter
Slidre
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggjartal
2 112 (2024)
Landareal
415 km²
Høgaste fjell
Blåkampen (1646 moh.)
Innbyggjarnamn
vestreslidring
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3452 (frå 01.01.2020, tidlegare 0543)

Kommunevåpen

Vestre Slidre

Vestre Slidre. Parti frå Slidrefjorden. Utsikt nordover mot Lomen. I bakgrunnen kan ein sjå toppar i Jotunheimen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

Vestre Slidre er ein kommune i Valdres i Innlandet fylke. Kommunen vart oppretta i 1849 ved deling av dåverande Slidre herad.

Kommunen omfattar det vestre hovuddalføret til Begnavassdraget nord for Fagernes, og dessutan fjellområda på begge sider, og vidare den øvre del av Tisleivassdraget til grensa mot Hemsedal. I hovuddalføret ligg den lange, smale Slidrefjorden, og ved nordenden av denne går grensa mot Vang kommune.

Natur

Arealfordeling
Arealfordeling
Lisens: CC BY SA 3.0

Berggrunnen består av omdanna kambrosiluriske bergartar (fyllitt) med enkelte innslag av valdressparagmitt og overskyvde, prekambriske djupbergartar (Jotundekket). Sørvest for hovuddalføret er der vide fjellvidder på 800–1000 meter over havet. Høgast når Gråkampen (1595 meter over havet) og Kruk (1582 meter over havet) på grensa til Vang kommune. 85 prosent av arealet ligg over 600 meter over havet. På nordaustsida går skogen heilt til topps i Slidreåsen (med høgaste topp på Kvithøvd 1001 meter over havet). Hovuddalen har bratte sider med god dyrkingsjord på kalkrik morene. Ein prosent av kommunens areal er verna som naturreservat.

Befolkning og busetjing

Folketal
Folketal i Vestre Slidre 1960-2023.
Folketal
Lisens: CC BY SA 3.0

Folketal

1951 2518
1952 2529
1953 2559
1954 2549
1955 2548
1956 2532
1957 2513
1958 2532
1959 2543
1960 2492
1961 2464
1962 2484
1963 2481
1964 2453
1965 2460
1966 2448
1967 2390
1968 2383
1969 2407
1970 2393
1971 2361
1972 2376
1973 2381
1974 2389
1975 2412
1976 2430
1977 2435
1978 2443
1979 2447
1980 2442
1981 2465
1982 2431
1983 2468
1984 2466
1985 2458
1986 2470
1987 2404
1988 2548
1989 2516
1990 2525
1991 2529
1992 2576
1993 2523
1994 2551
1995 2458
1996 2387
1997 2343
1998 2314
1999 2272
2000 2282
2001 2295
2002 2269
2003 2282
2004 2304
2005 2245
2006 2217
2007 2212
2008 2217
2009 2194
2010 2225
2011 2217
2012 2232
2013 2219
2014 2187
2015 2180
2016 2168
2017 2114
2018 2139
2019 2135
2020 2125
2021 2120
2022 2111
2023 2091
2024 2112
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Det meste av busetjinga er på nordaustsida av Slidrefjorden. Her ligg også administrasjonssenteret Slidre, tettstaden Røn og tettgrenda Lomen, alle langs E16. Folketalet heldt seg relativt stabilt fram til rundt 1990, seinare har det vore i tilbakegang. I tiårsperioden 2015–2024 gjekk folketalet tilbake med 3,1 prosent, mot ein vekst på 2,2 prosent i heile fylket.

Tettstader

Ifylgje definisjonen til Statistisk sentralbyrå er det to tettstader i Vestre Slidre. Tettstadene er til saman 1,0 km², og omfattar 0 % av arealet i kommunen.

Tettstad Innbyggjarar Andel* Areal
Slidre 301 14 % 0,5 km²
Røn 261 12 % 0,5 km²
Sum 562 27 % 1,0 km²

* Andelen av innbyggjarane i Vestre Slidre kommune som bur i tettstaden.

Næringsliv

Arbeidsplassar i Vestre Slidre (2023)
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

Jordbruket er den viktigaste næringsvegen, med hovudvekt på mjølkeproduksjon. Stølsdrifta betyr ein god del i denne samanhengen, med mange stølar i drift. Skogbruk, pelsdyravl og fiskeoppdrett (rakfiskproduksjon) er også viktige næringar. Industrien er dominert av næringsmiddelindustrien med Østlandsmeieriet som er den største bedrifta i Valdres. Forutan meieriet er industrien avgrensa til nokre mindre bedrifter i metallvare-, møbel-, trevare- og tekstilindustri.

Vestre Slidre har middels stor vasskraftproduksjon. Dei to vasskraftverka i kommunen produserer til saman 183 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Lomen (i drift fra 1983), som står for om lag nitti prosent av vasskraftproduksjonen. Hafslund ECO Vannkraft er hovudeigar av begge kraftverka.

Samferdsle

Det viktigaste vegsambandet er E16, som går langs austsida av Slidrefjorden. I det sørvestlege fjellområdet er det eit vidt nett av stølsvegar, mellom anna med samband frå Røn over til Hemsedal (Panoramavegen). Turisttrafikken har litt mindre betydning enn i nabodalføra Hemsedal og Øystre Slidre.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Kart: Vestre Slidre kommune i Innlandet

Vestre Slidre kommune i Innlandet fylke.

Kart: Vestre Slidre kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Vestre Slidre høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Valdresrådet saman med Etnedal, Nord-Aurdal, Sør-Aurdal, Vang og Øystre Slidre.

Vestre Slidre kommune svarer til dei tre sokna Lomen, Røn og Slidre i Valdres prosti (Hamar bispedøme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Vestre Slidre til Valdres fogderi (futedøme) i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Vestre Slidre

For statistiske formål er Vestre Slidre kommune (per 2022) delt inn i tre delområde med til saman 18 grunnkrinsar:

  • Røn: Rogndokken, Røn, Storhaug, Fosheim - Svedalen, Søndre Skrøvik, Vaset - Nøsen
  • Slidre: Berge - Reien, Nesja, Slidre, Kvåle, Vik, Nordre Skrøvik, Trollhovd
  • Lomen: Lome, Høyne, Vestre Lomen, Riste, Syndin

Historikk og kultur

Lomen stavkirke

Lomen stavkyrkje er den eine av dei to mellomalderkyrkjene i kommunen.

Lomen stavkirke
Av /Arfo forlag.

I Vestre Slidre er det mange historiske attraksjonar som minner om ei tidleg busetjing, mellom anna Gardbergfeltet med over 900 fornminnefunn, rundt 660 gravrøysar, vardar og bygdeborger. I Gardbergfeltet, om lag 250 meter over Slidrefjorden, står Einangsteinen med innskrift i eldre runer og urnordisk språk. Lomen stavkyrkje ved nordenden av Slidrefjorden er bygd omkring 1200. Slidredomen (Valdres hovudkyrkje), bygd 1150–1200 i romansk stil, er rikt dekorert og har alterkalk i sølv med edelsteinar frå ca. 1335. Rett sør for Slidredomen ligg Tingsteinen, som er knytt til Olav den heilage si kristningsferd gjennom Valdres. På Vaset turistområde finst leirskule, fjellstover og hyttegrend.

Kommunevåpen og namn

Kommunevåpenet (godkjent i 1987) har eit sjøblad i sølv på blå bakgrunn, der sjøbladet er omgitt av ein sølvfarga bord som er danna ved taggesnitt. Motivet er henta frå Slidredomen.

Namnet kjem av prestegarden i Vestre Slidre, som gav namn til hovudsoknet og prestegjeldet. Det gamle namnet på Vestre Slidre var Vesta åsen. Namnet Slidre viser opphavleg til ein bekk som renn i ei trong kløft, like ved kyrkja, Slidredomen.

Kart

Kart over Vestre Slidre kommune
Kart over Vestre Slidre kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Beitrusten, Geir.: Gardar og slekter i Vestre Slidre, 1979, isbn 82-990166-3-0. Les boka.
  • Ey, Tore: Vang og Slire : Ei nokre or um garadn der og følket, som har but på dei, i dei siste tvo hundre år før 1865. Kristiania 1916. Les boka.
  • Ødegaard, Ole Knutsen: Vestre Slidre 1837–1937: minneskrift. Gjøvik 1937. Les boka.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg