Vegard er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Vé-garðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘heilag stad’ og etterleddet ‘gjerde, vern’. Namnet kom i bruk att i 1888.
Vegard (mannsnamn)
Personar med namnet Vegard
Fyrste namneberar
Den fyrste som vart registrert med namnet i folketeljinga av 1900, kan ha vore kontorist Wegard Hall fødd 1876 i Valdres, busett i Kristiania i 1900. I kyrkjeboka er han oppført som Vegger (opplysning frå Kristoffer Kruken).
Kjende personar med namnet Vegard
Eit utval personar med namnet Vegard, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Vegard Sletten (1907)
- Vegard Vigerust (1925)
- Vegard Ellefsen (1950)
- Vegard Martinsen (1955)
- Vegard Kaale (1961)
- Vegard Opaas (1962)
- Vegard Ulvang (1963)
- Vegard Høidalen (1971)
- Vegard Forren (1988)
- Vegard av Veradal (–1221)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Vegard – og varianten Vegar – er blant dei få samansette nordiske namna som fekk toppfasen sin på slutten av 1900-talet. Andre døme er Erlend, Vebjørn, Vemund og Åsmund.
Utvikling i bruk av namnet Vegard frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.