Den moderne Verdens Gangs tilbliingshistorie starta under andre verdskrigen som eit forsøk på å gjenreise Tidens Tegn. Undervegs i prosessen tok krefter i Heimefronten over kontrollen med prosjektet. Den nye avisa vart då også omtalt som Heimefront-organet Verdens Gang.
Avisa såg dagens lys 23. juni 1945 til høglydte proklamasjonar om sjølvstende. Verdens Gang skulle, som det gjerne heitte, bli ei avis av ein ny art. Den skulle bli «det sentrale forum for den offentlige debatt i Norge», den skulle setje sak framfor person og bidra til ei sakleggjering av den politiske debatten. Avisa målbar under sin fyrste redaktør, Chr. A.R. Christensen, ein typisk etterkrigsmentalitet.
Ideala var høge, men opplagstala peika snart nedover. I eit forsøk på å kome på offensiven gjekk Verdens Gang i 1952 over frå å vere morgonavis til å bli middagsavis. Avisa tok opp konkurransen med Dagbladet på laussalsmarknaden. I fyrste omgang var dette utan stort hell.
I 1963 gjekk VG over til tabloidformat, og i 1966 vart avisa overteken av Aftenpostens eigarar, Schibsted. VG vart då tilført svært velkomen kapital, og snart var eit opplagseventyr utan sidestykke i norsk presse i gang. Det handla om journalistikk, men også om distribusjon og marknadsføring. Verdens Gang kunne ta i bruk slagordet «aukar mest». Ho passerte Dagbladet sine opplagstal i 1972 og Aftenposten sine i 1981.
Avisa vart sundagsavis frå 1990 og fekk nettavis frå 1995. VG heldt lenge på prinsippet om at heile avisa skulle vere i eitt legg, altså utan separate bilag. I 2005 starta avisa likevel dagleg sportsbilag (som stansa i 2023) og laurdagsmagasin (VG Helg), og ho hadde sundagsmagasin i perioden 2007 til 2009.
VG vart riksavis og ei pengemaskin for Schibsted. Heimefront-avisa vart eit folkets dagblad på norsk. Avisa vart ein dominerande aktør i norsk journalistikk, med ein særeigne varianten av moderne populærjournalistikk.
Dette ei avis der journalistar kan jobbe etter mottoet: «Eg er tilsett her for å kalle ein spade for ei gravemaskin.» Bak dei rause dosane trykksverte har VG også vore ei forsiktig avis. Den har for det fyrste ikkje tilbode berre blod og sverte, men også gledestårer. For det anna har familie- og forbrukaravisa utvikla ein god teft for kvar grenser går, og når og kvar dei flyttar seg.
Kommentarar (2)
skreiv Jon Gisle
Etter beskjed fra meg har dere rettet slik at det nå står at avisen kommer ut i papirformat alle hverdager, altså ikke søndager. Det er helt korrekt. I Lille Norske står det derimot at papirutgaven kommer sju ganger i uka, noe som ikke lenger stemmer. Redaksjonene i Store Norske og Lille Norske bør være såpass koordinert at oppretting av feil i det ene også fører til oppretting av feil i det andre.
svarte Olav Garvik
Nyhetsredaktøren i VG gjør oppmerksom på at avisen kommer ut i papirformat sju dager i uken, altså også søndager. Den er merket tydelig SØNDAG. Avisen kommer løssalgshandlerne i hende lørdag, men selges søndag - akkurat slik vi var vant med når det gjelder påskeaftenavisen som også ble laget flere dager før den ble solgt.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.