Torkel Ravndal var ein norsk styrkeløftar frå Figgjo. Han sette fleire verdsrekordar i markløft og reiste etter den aktive karrieren på turné som «verdas sterkaste mann».
Torkel Ravndal
Faktaboks
- Fødd
- 14. oktober 1936, Figgjo
- Død
- 13. september 2004

Styrkeløft. Torkel Ravndal under konkurranse i Oslo 1970, der han løftet 369 kilo i markløft og vant over sin utfordrer Don Cundy (sittende til høyre).
Merittar
- NM-gull 1965, 1967, 1968 og 1969
- Verdsrekord i markløft (375 kilo)
Karriere
Torkel Ravndal byrja å trene målretta som tenåring. Etter at bestefaren meinte han såg tynn og elendig ut, gjekk han opp frå 85 til 118 kilo i kroppsvekt på eit halvt år.
Då den første offisielle noregsmeisterskapen i styrkeløft vart arrangert i 1965, var Ravndal blant dei 20 deltakarane. Han vann den tyngste vektklassen og vart dermed noregsmeister som 28-åring. I 1967 vart han nordisk meister etter å ha sett både norsk og nordisk rekord med 682,5 kilo samanlagt.
I 1969 byrja Ravndal å reise rundt på showturné ved sidan av idretten. Dette året sette han den første verdsrekorden sin i markløft, då han greidde 357,5 kilo under NM i Blindernhallen.
Ravndal sette i 1970 ny verdsrekord i markløft med 375 kilo under eit show i Tromsø. Han vart etter dette rekna som ein av dei sterkaste mennene i verda, og han turnerte seinare med muskelshowet sitt i nesten 40 år. Han løfta mellom anna bilar, den 570 kilo tunge Sterke Nils-steinen i Seljord og i 1986 heldt han att to småfly med berre armane.
Torkel Ravndal vedgjekk seinare i eit NRK-intervju å ha brukt doping ved to einskilde tilfelle. Første gongen var i 1964 hos ein lege i Danmark, den andre gongen var i 1976.
Han måtte i år 2000 slutte med framsyningar på grunn av astma. Ravndal var seinare på sjukehus fleire gongar på grunn av sjukdommen. Då han døydde på Bryneheimen i 2004 var han 67 år gammal.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
- Aftenbladet.no: Torkel Ravndal er død
- NRK.no: Her held han to fly tilbake med berre armane
Litteratur
- André Frostad Hansen: Hele Norges Torkel Ravndal (2005)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.