Torjus er eit mannsnamn. Det er ein variant av Torgils som går tilbake til det norrøne Þor-gísl der forleddet er gudenamnet Tor. Bakgrunnen til etterleddet er noko uklar. Gisle kan vere det same som forleddet Gisel- i det tyske Gisel-bert der Gisel tyder ‘spire, skott (på tre)’. Andre namn med denne tydinga er Chloe, Ritva og Vesa. Gisl- kan også gå tilbake til ei våpennemning (pil).
Torjus (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Torjus
Eit utval personar med namnet Torjus, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Torjus Hanssen (1836–1926)
- Torjus Hemmestveit (1860–1930)
- Torjus Værland (1868–1954)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 022 menn i Noreg som hadde Torjus som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 16 gutar som fekk namnet Torjus.
Utvikling i bruk av namnet
Torjus og Rasmus har lik lydstruktur (endar på -us), og dei har også lik kurveprofil – med fyrste toppfase tidleg på 1800-talet og den neste på 2000-talet. Men språkleg har dei ulik bakgrunn – Rasmus gresk-latinsk, Torjus nordisk.
Utvikling i bruk av namnet Torjus frå 1800
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet

Torjus var klart mest brukt i Aust-Agder.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Torjus på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Torjus var klart mest brukt i Aust-Agder. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Thorjus.)
Historisk bruk av namnet Torjus
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Otterbjörk, Roland 1979: [Svenska förnamn]. Kortfattat namnlexikon. Skrifter utgivna av Svenska språknämnden. Tredje upplagan. Stockholm.[/li][li]
- Seibicke, Wilfried: [Historisches Deutsches Vornamenbuch. 1–4]. Walter de Gruyter–Berlin–New York.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.