Sven (mannsnamn)
Personar med namnet Sven
Kulturell bruk
- Sven Dufva er ein finsk bondegut i det episke diktet «Fänrik Ståls sägner» (1848, 1860) av Johan Ludvig Runeberg.
Kjende personar med namnet Sven
Eit utval personar med namnet Sven, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Sven Moren (1871–1938)
- Sven Elvestad (1884–1934)
- Sven Edvin Salje (1914–1998)
- Sven Aage Hauge (1923–1997)
- Erling Lorentzen (1923–2021)
- Sven Ivar Dysthe (1931–2020)
- Sven Nyhus (1932–2023)
- Sven Ole Fagernæs (1945)
- Sven Tore Jacobsen (1953)
- Sven Nordin (1957)
- Sven Fischer (1971)
- Sven Kramer (1986)
Namnestatistikk
I 2022 var det 4 176 menn i Noreg som hadde Sven som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 9 gutar som fekk namnet Sven.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for variant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Svein, Svend og Sven slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Svein var på topp 1945–1949 og Svenn noko seinare (1965–1969). Svein er klart meir brukt enn variantane Sven, Svend og Svenn. Naturleg nok var den danske forma Svend mest vanleg på 1800-talet. Stavemåten Sven, som er einerådande i Sverige, kan i Noreg vere påverka av svensk ortografi. Også mange andre einstava nordiske mannsnamn hadde – som Svein og Svenn – toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, og Ulf.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Sven var – til liks med Svend – klart mest brukt i Rogaland.
Sven var – til liks med Svend – klart mest brukt i Rogaland.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.