Surtsey er ei vulkanøy ved sørkysten av Island, sørvest for Vestmannaeyjar. Ho blei danna over ein 130 meter djup havbotn ved vulkanutbrot i to periodar; frå november 1963 til mai 1965 og frå august 1966 til juni 1967. Øya er Islands sørlegaste punkt. Surtsey kom på UNESCOs liste over verdas kultur- og naturarv i 2008.
Innvandringa av planter og dyr til den nye øya er blitt følgt med stor interesse av botanikarar og biologar. Den første landplanta, strandreddik, blei funne i 1965, mens den første busken, grønnvier, blei funne i 1998.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.