Sudan er ein republikk i Nordaust-Afrika. Landet grenser mot Egypt i nord, Raudehavet og Eritrea i nordaust, Etiopia i søraust, Sør-Sudan i sør, Den sentralafrikanske republikken i sørvest, Tsjad i vest og Libya i nordvest.
I meir enn hundre år – både som koloni og som sjølvstendig land – inkluderte Sudan òg den sørlege naboen Sør-Sudan. Då var Sudan òg Afrikas største land. Den sørlege delen av Sudan vart ein sjølvstendig stat, Sør-Sudan, etter ei folkerøysting i 2011.
I 2019 vart presidenten i landet gjennom 30 år, Omar al-Bashir, avsett etter folkelege demonstrasjonar, og ei overgangsregjering kom på plass. I oktober 2021 vart det gjennomført militærkupp i Sudan. 15. april 2023 oppstod det kampar i Khartoum mellom Sudans væpna styrkar (SAF) og den paramilitære gruppa Rapid Support Forces (RSF). Konflikten har spreidd seg til heile Sudan, og sivilbefolkning lid i krysselden.
Namnet Sudan er arabisk og kjem frå uttrykket Bilad as-Sudan (landet til dei svarte), som var toponymet arabiske geografar brukte i mellomalderen for å referere til området sør for Sahara.
Sudans nasjonalsong er Nahnu Djundullah («Vi er Guds soldater»).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.