Faktaboks

Sondre Norheim
Sondre Nordheim Sondre Ouverson Norheim
Fødd
10. juni 1825, Morgedal, Kviteseid, Telemark
Død
9. mars 1897, Nord-Dakota, USA
Verke
Skiløper
Familie

Foreldre: Husmann og hattemaker Ouver (Auver) Eivindsson (1798–1871) og Ingerid Sondresdotter (1797–1827).

Gift i 1854 med Rannei Åmundsdotter (1824–1929), datter av leilending Aamund Oleson (1771–1862) og Hæge Olavsdotter (1776–1868).

Sondre Norheim – foto fra rundt 1880. SCANPIX
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Sondre Norheim var ein norsk skiløpar, som blir rekna som ein av dei fremste pionerane innan moderne skisport.

Norheim var fødd i Morgedal i Kviteseid kommune i Telemark og vart rekna som den fremste skiløparen i heimdistriktet i 1860-åra. Som dyktig og kreativ handverkar vidareutvikla han både ski og bindingar slik at skia fekk andre bruksområde enn dei reint praktiske og nyttige. Ved hjelp av kortare ski med innsving og vidjebindingar som vart festa rundt hælen, vart det mogleg å bruke skia til leik, konkurranse og moro. Utstyret og skiteknikken vart kjend i hovudstadsområdet då Norheim i 1868 vann eit skirenn med både langrenn, hopp og slalåm på Iversløkka i Christiania.

Norheim utvandra til USA i 1884 og er gravlagt i Denbigh i Nord-Dakota. Før dei olympiske vinterleikane i Oslo 1952, Squaw Valley 1960 og Lillehammer 1994 vart elden til ein fakkelstafett tent på husmannsplassen Øverbø i Morgedal, der Norheim vart fødd.

Norheim har i ettertid blitt kalla «far til den moderne skisporten» og Morgedal tilsvarande «vogga til skisporten». Desse nemningane er no rekna som overdrivne, men Norheim var utvilsamt ein pionér i både hopp og bakkeløp.

Bakgrunn

Sondre Ouverson voks opp på husmannsplassane Øverbø og Kvæven i Morgedal i Telemark. Saman med bror sin Eivind lærte han ei rekkje handverk, og treskjering og lafting vart dei viktigaste. Begge måtte bidra til hushaldet til familien, noko som gjorde at dei òg måtte ut av bygda for å skaffe seg arbeid. Spesielt Sondre flakka mykje rundt i telemarksbygdene og Setesdalen. Han viste seg tidleg som ein skiløpar utanom det vanlege, og vart eit midtpunkt i ei bygd kor mange dyrka den frie skileiken og kvar det seinare vart eit nyskapande miljø for utprøving av utstyr og skiteknikkar. På jorda i Morgedal vart det arrangert konkurransar i slalåm, der løparane køyrde i uryddig og kupert terreng («sla») og laga fine spor i snøen («låm»), og hopplåm. Ofte vart begge «disiplinane» kombinert i éin og same løype.

Etter at Sondre gifta seg med Rannei Åmundsdotter, rydda han plassen Kasin. Seinare flytta familien frå plass til plass rundt om i Morgedal. Til slutt rydda dei seg ein liten plass som Sondre gav namnet Nordheim etter nokre fagre storgardar i Lunde.

Skipioner

Sondre Norheims ferdigheiter på ski, rykta om køyringa hans i dei villaste og mest uframkomelege bakkane, dei såkalla uvyrdslåmene, og prestasjonane hans i lokale hopprenn førte til at han i 1868 vart invitert til skirenn i Christiania av Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug, som ville ha dei beste skiløparane i Noreg med i dette rennet.

Etter ein tre dagars skitur frå Morgedal til Christiania (190 kilometer) overtydde den 43 år gamle Sondre alle i rennet. Løypene gjekk i vekslande terreng med innlagde hopp i området rundt St. Hanshaugen, Gamle Aker kyrkje og Iversløkka. I tillegg til over 1000 tilskodarar fanst det i løypa menn som skulle vurdere løp og gange, haldning og fornuftig bruk av staven. Karakterane skulle så leggjast saman og vurderast i forhold til anvend tid. Sondre vann og fekk fyrstepremien på ti spesidalar. Christiania-avisene skreiv at sjølv trea rundt Iversløkka skalv når Sondre hoppa.

Skipioneren Fritz Huitfeldt, som den gongen var 17 år, skreiv at med Sondre Norheim opna det seg ein ny æra for skisporten.

Stilideal

I 1870 vart Sondre Norheim på nytt invitert til Christiania. Denne gongen var det snakk om eit oppvisningsrenn. I avisene Morgenbladet og Fædrelandet gjekk det føre seg ein heftig diskusjon om skisport generelt og om utviklinga til skisporten i telemarksbygdene spesielt. I hovudstaden stilte ein spørsmål om kvifor telemarkingane var så teknisk og stilmessig overlegne. Sondre vart invitert nettopp for å illustrere kva skia kunne brukast til. Men det låg òg i korta at den «moderne skisport» kunne formast med han som døme. Representantar for Centralforeningen tok han som døme på norma eller idealet som skiidretten kunne formast etter og streve mot.

I 1871 og 1875 vart Sondre Norheim invitert til nye skirenn i Christiania, og var – sjølv om alderen hadde gjort sitt til at han ikkje lenger var best – framleis eit viktig referansepunkt for den «akademiske skidebatt». Skiløping skulle utførast slik Sondre Norheim gjorde det.

Utvandring til USA

Foto av interiør i Sondre Norheims hjem
Interiøret i Sondre Norheims husmannsstue i Morgedal, slik det ennå sto i 1971. Skiene kan være de Sondre Norheim gikk på.
Foto av interiør i Sondre Norheims hjem
NTB.

Liva som husmann i Morgedal vart i 1870- og 1880-åra ytst vanskeleg. Etter mange harde vintrar og auka festeavgifter og arbeidsplikter vart det halde auksjon på Nordheim i mai 1884. Same år drog Sondre og Rannei med barna Åmund, Talleiv og Anne til USA; fyrst til jordbruksområda i Minnesota der andre sambygdingar hadde slått seg ned, og nokre år seinare til Villard i Nord-Dakota. I 1888 underteikna Sondre intensjonserklæringa om å bli amerikansk statsborgar, og i 1891 fekk han det etterlengta jordstykket sitt.

Sondre Norheim vil bli hugsa som ein unik og nyskapande skikunstnar. Sjølv om han ikkje var den fyrste som eksperimenterte med og utvikla nytt skiutstyr og nye skiteknikkar, vil han alltid stå fram som eit nasjonalt ikon når det gjeld ski og skiidrett. Før vinter-OL i Oslo 1952, Squaw Valley 1960 og Lillehammer 1994 vart elden til ein fakkelstafett tent på Norheims fødestad, husmannsplassen Øverbø i Morgedal, «vogga til skisporten».

Identiske statuar, utført av Knut Skinnarland, vart avduka i Minot i Nord-Dakota (1987) og i Morgedal (1988).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Steinsholt, Kjetil: Norsk biografisk leksikon 2
  • Loupedalen, Torjus (1947): Morgedal: Vogga til skisporten
  • Bø, Olav (1966): Norsk skitradisjon
  • Bergland, Aslak (1977): Kvardagsliv i dei dagar
  • Steinsholt, Kjetil og Høihjelle, Knut (1993): Sondre Nordheim frå Morgedal

Faktaboks

Sondre Norheim
Historisk befolkingsregister-ID
pe00000000015882

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg