Faktaboks

Etymologi

Norrønt Skeiðakr, første lekken visstnok skeið, ‘bane til kappløp eller kappriding’, siste lekk akr, ‘åker’

Administrasjonssenter
Bismo
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Oppland)
Innbyggjartal
2 141 (2024)
Landareal
1 965 km²
Høgaste fjell
Nørdre Hestbreapiggen (2172 moh.)
Innbyggjarnamn
skjåkvær
Målform
nynorsk
Kommunenummer
3433 (frå 01.01.2020, tidlegare 0513)

Kommunevåpen

Skjåk

Skjåk. Utsikt mot Ottaelva og Skjåk-bygda. Til høgre i bakgrunnen ser ein Bisberget og til venstre Tverrfjellet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Skjåk er ein kommune i Innlandet fylke, i Ottadalen lengst nordvest i fylket. Kommunen omfattar den øvste delen av Ottadalen frå Ottavatnet og vel 80 kilometer oppover til vasskiljet mot Geiranger. Skjåk grensar til Lesja og Lom i nordaust og søraust, til Møre og Romsdal i nordvest og til Vestland i sørvest.

I 1866 vart kommunen skild ut frå Lom under namnet Skiaker.

Natur

Hovuddalen er vid og open, sidedalane er tronge og bratte. Resten av kommunen er store fjellvidder med fleire toppar over 2000 meter over havet. Høgast er Hestbreapiggan (2172 meter over havet) og Lomseggje (2068 meter over havet), begge på eller nær grensa mot Lom). Berggrunnen består mest av eldgamle gneisar.

78 prosent av kommunens areal er verna etter naturmangfoldlova. Fjellområda på nordsida av dalen høyrer til Reinheimen nasjonalpark; områda på sørsida ligg i Breheimen nasjonalpark.

Befolkning og busetnad

Skjåk
Skjåk er ein jordbrukskommune, med hovudvekt på storfehald og svineavl.

Folketal

1951 3026
1952 3023
1953 3021
1954 3031
1955 3038
1956 3034
1957 3000
1958 2992
1959 2970
1960 2916
1961 2867
1962 2822
1963 2779
1964 2734
1965 2693
1966 2717
1967 2640
1968 2635
1969 2625
1970 2611
1971 2567
1972 2551
1973 2565
1974 2582
1975 2564
1976 2601
1977 2614
1978 2619
1979 2634
1980 2623
1981 2681
1982 2668
1983 2656
1984 2692
1985 2662
1986 2688
1987 2673
1988 2643
1989 2626
1990 2612
1991 2574
1992 2544
1993 2523
1994 2526
1995 2494
1996 2489
1997 2453
1998 2410
1999 2393
2000 2386
2001 2389
2002 2389
2003 2399
2004 2393
2005 2394
2006 2376
2007 2329
2008 2331
2009 2307
2010 2265
2011 2299
2012 2307
2013 2279
2014 2264
2015 2245
2016 2204
2017 2202
2018 2179
2019 2204
2020 2197
2021 2183
2022 2151
2023 2147
2024 2141
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Busetnaden er for det meste samla i hovuddalen med tettstaden og administrasjonssenteret Bismo. Folketalet har gått attende sidan 1980-talet. I tiårsperioden 2015–2024 minka folketalet med 4,6 prosent, mot ein auke på 2,2 prosent i Innlandet fylke. I 2024 var 18 prosent av befolkninga under 20 år (22 prosent for heile landet) og 30 prosent 65 år og eldre (landsgjennomsnitt 19 prosent).

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Bismo med 607 innbyggjarar (2023). 28 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 1,2 km².

Næringsliv

Skjåkgris
Grisen trivst i Skjåk.

Skjåk er ein typisk jordbrukskommune, med eit visst næringsgrunnlag også innan industri og turisttrafikk. Ottadalen ligg i regnskuggen, og Skjåk er den mest nedbørfattige av alle norske bygder. Jordbruket er derfor avhengig av vatning. Tidlegare vart vatnet leia frå fjellbekkane i trerenner, no nyttar ein rørleidningar og spreiarar. Bygda har mykje storfehald og ein framskoten posisjon innan svineavl. Mykje av skogen er eigd av bygdeallmenningen, som har eit stort sagbruk på Bismo. Avverking av skog i 2022 utgjorde 9345 m³. Største industribedrift er filterprodusenten Interfil. Glasopor produserer isolasjonsmateriale av resirkulert glas.

Skjåk er kommunen med nest størst vasskraftproduksjon i Innlandet, og er ein middels stor kraftkommune på landsbasis. Dei fire vasskraftverka i kommunen produserer til saman 824 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Øyberget (i drift fra 2005), som står for om lag halvparten av vasskraftproduksjonen. Andre store kraftverk er Framruste (2005) og Skjåk I (1965). Hafslund ECO Vannkraft er hovudeigar av alle kraftverka i kommunen.

Samferdsel

Reinheimen
Det meste av kommunens fjellområde er verna som nasjonalpark. Frå Storvatnet på grensa mot Lesja, Reinheimen nasjonalpark.

Den einaste gjennomgåande vegen er heilårsvegen til Nordfjord (riksveg 15). Den gamle riksvegen over Strynefjellet (fylkesveg 285) tek av frå riksveg 15 ved Grotli. Det er stor turisttrafikk langs begge desse vegane, og det er fleire turistanlegg her, blant anna den gamle fjellstua Grotli.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Nordberg
Nordberg er den øvste delen av hovuddalen. Lenger inn deler dalen seg, med sidedalen Ostridalen som den viktigaste.

Bismo har idretts- og symjehall og utandørs friidrettsbane, samt ungdomsskule.

Skjåk høyrer til Innlandet politidistrikt, Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Nord-Gudbrandsdal regionråd saman med Dovre, Lesja, Lom, Sel og Vågå.

Skjåk kommune svarar til dei to sokna Nordberg og Skjåk i Nord-Gudbrandsdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Skjåk til Nordre Gudbrandsdalen fogderi i Kristians amt.

Delområde og grunnkrinsar i Skjåk

For statistiske formål er Skjåk kommune (per 2016) inndelt i to delområde med til saman 19 grunnkrinsar:

  • Skjåk: Geilo, Øygard, Marlo, Ånstad, Lund og Dalan, Holemork, Bismo, Lundadalen
  • Nordberg: Bruheim, Langleite, Lindsheim, Åmot, Bråtå, Øyberg, Jøingsli, Tundradalen, Sota, Grotli, Aursjoen

Kultur

Avisa Fjuken er lokalavis for heile Ottadalen og vart grunnlagd i 1988. Avisa kjem ut ein gong kvar veke, har hovudkontor på Bismo og er redigert på nynorsk.

Kommunevåpen og namn

Kommunevåpenet (godkjent i 1989) har eit firblad i sølv mot ein blå bakgrunn. Det illuderer akantusranken som er mykje brukt innan treskjering.

Kart

Kart over Skjåk kommune
.
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Skjøli
Frå Lundadalen.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Eksterne lenker

Litteratur

  • Eide, Hans Jakob (1958): Ottadalen: befolkning, næringsliv og samferdsel, Les boka på nb.no
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok, 1994–, tre bind, isbn 82-993371-0-0, Les bøkene
  • Kleiven, Ivar (1915): Lom og Skjaak: gamal bondekultur i Gudbrandsdalen, isbn 82-03-05951-1, Les boka
  • Ættebok for Skjåk, 1946–69, to bind, Les bøkene

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg