Skeiðarársandur er ein sandur på det sørlege Island sør for Vatnajökull. Sandurflata har eit areal på 1300 kvadratkilometer, eit fall på 100 meter over ei strekning på 20 kilometer. Breelva deler seg i tallause mindre løp som stadig skiftar leie utover flata, og det er lite eller ingen vegetasjon.
Frå vulkanen Grímsvötn, som ligg inne på Vatnajökull i eit vulkansk område, kjem det med nokre års mellomrom eit utbrot som resulterer i storflaum eller jøkullaup ved fronten av Skeiðarárjökull og utover Skeiðarársandur.
Da landnåmsmennene kom hit, var det ein djup fjord her som sidan er fylt att av grus og vulkansk materiale ført fram under jøkullaup. Skeiðarársandur er vanskeleg farbar på grunn av dei strie jøkelelvene som stadig skifter leie. Hringvegur kryssar sanduren nær brekanten.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.