Sivert er eit mannsnamn som er nyare tysk form av Sigvard som går tilbake til Sieg-ward. Forleddet tyder ‘siger’ og etterleddet ‘vaktar’.
Sivert (mannsnamn)
Personar med namnet Sivert
Kulturell bruk
- Sivert, son til Isak og Inger i «Markens grøde» (1918) av Knut Hamsun.
Kjende personar med namnet Sivert
Eit utval personar med namnet Sivert, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Sivert Knutsson Aarflot (1759–1817)
- Sivert Paulsen Bratberg (1780–1816)
- Sivert Kristian Tobiesen (1821–1873)
- Sivert Andreas Nielsen (1823–1904)
- Sivert Halkjelsvik (1834–1913)
- Sivert Johannesen Brækmo (1853–1930)
- Ole Sivert Bragstad (1868–1927)
- Sivert Langholm (1927–2022)
- Tore Sivert Thonstad (1930–2018)
- Sivert Donali (1931–2010)
- Lars Sivert Lervik (1971)
- Sivert Høyem (1976)
Namnestatistikk
I 2022 var det 3 036 menn i Noreg som hadde Sivert som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 55 gutar som fekk namnet Sivert.
Utvikling i bruk av namnet
Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin 1860–1874. Ein god del av dei fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. I tillegg til Sivert – med toppfase 1995–2009 – gjeld dette til dømes Albert, Anton, Didrik, Fredrik, Henrik, Hermann, Jørgen, Konrad, Ludvig, Otto og Wilhelm. Det er mogleg at artisten Sivert Høyem (fødd 1976) har hatt noko å seie for populariteten i nyare tid.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Sivert var mest brukt i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag.
Sivert var mest brukt i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Siverth.)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Aasen, Ivar 1878: [Norsk Navnebog eller Samling af Mandsnavne og Kvindenavne]. Kristiania. Ny utgåve og register ved Kristoffer Kruken og Terje Aarset. Skrifter frå Ivar-Aasen-instituttet 3. Volda 1997.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.