Sigve er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Sig-viðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘siger’ og etterleddet ‘ved’ (substantivet).
Sigve (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Sigve
Eit utval personar med namnet Sigve, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Sigve Bøe (1948)
- Sigve Endresen (1953)
- Sigve Brekke (1959)
- Sigve Bolstad (1965)
Namnestatistikk
I 2022 var det 1 711 menn i Noreg som hadde Sigve som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 19 gutar som fekk namnet Sigve.
Utvikling i bruk av namnet
Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Mens dei fleste namna på -e hadde toppfasen sin innanfor perioden 1945–1979, er Sigve eit av dei få som har vore på topp etter 1990. Andre døme på namn av denne typen med sein toppfase er Brage, Brede, Sindre, Snorre, Sondre, Vetle og Ådne.
Utvikling i bruk av namnet Sigve frå 1880
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.