Setesdølen (avis)
Faktaboks
- Offisielt namn
- AS SETESDØLEN
- Organisasjonstype
- Aksjeselskap
- Forretningsadresse
- Bygland
- Dagleg leiar
- Sigurd Haugsgjerd
- Styreleiar
- Olav Haugsgjerd


Redaktør Sigurd Haugsgjerd, opphavleg frå Hægebostad i Vest-Agder, og forretningsførar Anne Bygland frå Bygland som i mange år frå 1976 dreiv Setesdølen saman.
Avishuset er frå 1989 og ligg like ved riksvegen gjennom Bygland sentrum. Herifrå er det om lag 35 kilometer til kommunesenteret i Evje og Hornnes i sør, og 120 kilometer til Hovden skisenter i Bykle i nord.
I avishuset var det lenge trykkeri og gatekjøkken i tillegg til redaksjonen. Gatekjøkkenet låg i den delen som er heilt til venstre i biletet. Trykkeriet vart avvikla i 2006 då valet stod mellom ei stor investering i nytt utstyr og overgang til leigetrykk.
Avisa var først eigd av kommunane i Setesdal. Etter at reglane for pressestøtte vart endra, vart selskapet omorganisert i 1998, slik at Anne Bygland og Sigurd Haugsgjerd ei tid hadde litt over 50 prosent av aksjane. Seinare overtok Haugsgjerd også Bygland sine aksjar.
Digitalt
Setesdølen publiserer på dei ulike digitale flatene. I 2018 byrja avisa å lage nettavis, og tok samstundes i bruk ordninga med betalingsmur for andre enn abonnentar som vil lese artiklar digitalt. Om lag halvparten av abonnentane er utflyttarar som les Setesdølen på nett.
Historie
Den første utgåva av Setesdølen kom 23. januar 1975. Avisa vart etablert på bakgrunn av eit privat initiativ frå Helge Lien frå Kristiansand. Den første redaktøren var Helge Arild Bolstad. Bak prosjektet stod det eit interkommunalt massemedieutval som hadde tre prioriterte oppgåver: å få NRK til å opprette eit lokalkontor for Setesdal, å auke nynorskdelen i Fædrelandsvennen, og å sørgje for at Setesdal fekk si eiga lokalavis på nynorsk. Setesdølen har heile tida hatt nynorsk som redaksjonsspråk.
Erfaringa viser at kommunale komitear ofte får problem når dei skal starte avis. Redaktøren og forretningsføraren som vart tilsett i 1975, slutta begge etter mindre enn eitt år. Deretter byrja Sigurd Haugsgjerd som ny redaktør, medan Anne Bygland vart forretningsførar. Haugsgjerd hadde bakgrunn frå nynorskavisa Gula Tidend. Då Haugsgjerd i 1979 hadde permisjon for å arbeide i NRK Dagsnytt, vikarierte Paal Vollen, Bjørn Lothe og seinare Gunnar Stubseid som redaktørar i nokre månader.
Opplagsauke
Tre år etter at Haugsgjerd tok over som redaktør, hadde Setesdølen eit godkjent opplag på litt over 3100. I 1985 var det over 4000. Sidan dei fire kommunane Evje og Hornnes, Bygland, Bykle og Valle då hadde 2500 hushald til saman, var dette ein oppsiktsvekkjande suksess. Forklaringa er at Setesdølen heilt frå starten vart ei viktig avis for mange utflytta setesdølar. Spreiingstal viser at nær halvparten av opplaget går ut av Setesdalen.
Etter nokre års drift vart det interkommunale aksjeselskapet AS Setesdølen etablert, med dei fire kommunane som eigarar av avisa. Etter at reglane for pressestøtte vart endra i 1998, har kommunane selt seg gradvis ut. I 2012 vart Sigurd Haugsgjerd og Anne Bygland eigarar av avisa. Ei tid etter overtok Haugsgjerd også hennar aksjar og vart dermed eineeigar.
Setesdal er eit noko uvanleg avisdistrikt. Området har ein felles lokal identitet, felles dialekt og felles historie. Bygland, Valle og Bykle er dessutan kraftkommunar med god økonomi. Ulempene er at området er stort, med spreidd busetnad, og at folketalet har gått tilbake sidan midten av 1980-talet.
Opplagstalet til Setesdølen har vore relativt stabilt sidan avisa starta, trass minkande innbyggjartal. Forklaringa ligg i ei ueinsarta lesargruppe, med ei blanding av fastbuande og hytteeigarar i nærområdet, i tillegg til utflytta setesdølar. I tillegg har avisa ekspandert i nabokommunen Åseral i tidlegare Vest-Agder. Setesdølen sitt stabile opplag gjennom ei årrekkje har gjort at konkurrentar som Fædrelandsvennen ikkje har utfordra posisjonen til avisa. Setesdølen hadde lenge sitt eige trykkeri i Bygland, men selde det tidleg på 2000-talet og fekk deretter avisa trykt hos Agderposten i Arendal.
Opplag
Opplagstall for Setesdølen, 1986-2023
1986 | 4102 |
---|---|
1988 | 4155 |
1990 | 4188 |
1991 | 4190 |
1992 | 4222 |
1993 | 4224 |
1994 | 4213 |
1995 | 4419 |
1996 | 4483 |
1997 | 4534 |
1998 | 4542 |
1999 | 4523 |
2000 | 4524 |
2001 | 4521 |
2002 | 4515 |
2003 | 4509 |
2004 | 4562 |
2005 | 4543 |
2006 | 4618 |
2007 | 4618 |
2008 | 4742 |
2009 | 4824 |
2010 | 4676 |
2011 | 4635 |
2012 | 4636 |
2013 | 4553 |
2014 | 4408 |
2015 | 4192 |
2016 | 4393 |
2017 | 4145 |
2018 | 4076 |
2019 | 3987 |
2020 | 4007 |
2021 | 3897 |
2022 | 3751 |
2023 | 3741 |
År | Opplag |
---|---|
1979 | 3100 |
1984 | 3851 |
1990 | 4188 |
1998 | 4542 |
2008 | 4742 |
2015 | 4192 |
2020 | 4007 |
2021 | 3897 |
2022 | 3751 |
2023 | 3741 |
Til og med 2015 gjeld opplagstala berre for papirutgåva. Frå 2020 vert netto opplagstal brukt for digitalt abonnement og papirabonnement. Opplagstala er dei som vert rapporterte til Mediebedriftenes Landsforening i andre halvår.
Fakta
- Fyrste nr. 25.1.1975.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Idar Flo (red.): Norsk presses historie 1660–2010. Norske aviser fra a til å, bd. 4. Oslo 2010
Faktaboks
- Sektorkode
- 2100 Private aksjeselskaper mv.
- Næringskode(r)
- 58.130 Utgivelse av aviser
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.