Serge er eit fransk mannsnamn som kjem av latin Sergius, eit slektsnamn som kanskje tyder ‘tenar’, ‘forvaltar’.
Serge (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Serge
Eit utval personar med namnet Serge, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Serge Diaghilev (1872–1929)
- Serge Chermayeff (1900–1996)
- Serge Lifar (1905–1986)
- Serge Poliakoff (1906–1969)
- Serge Reggiani (1922–2004)
- Serge Gainsbourg (1928–1991)
- Serge Israel Liberman (1942–2017)
- Serge Haroche (1944)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Serge som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.