Súðavík er ein tettstad i Vestfjordane på Island, på sørsida av Ísafjarðardjúp. Súðavík er sentrum i Súðavíkurhreppur kommune. Kommunen har eit areal på 750 km2 og 219 innbyggarar.
I januar 1995 vart Súðavík råka av eit snøskred. 14 menneske omkom, og skredet er eit av dei verste på Island i nyare tid. Innbyggarane bestemte seg for å bygge oppatt heimane sine, men på ein tryggare plass litt lenger inn i fjorden. Islands dåverande president Vigdís Finnbogadóttir tok det første spadetaket i nye Súðavík i april 1995.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.