Rudolf er eit mannsnamn som kjem av gammalhøgtysk Hrod-wulf. Forleddet tyder ‘ære’ og etterleddet ‘ulv’.
Rudolf (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Rudolf
Eit utval personar med namnet Rudolf, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Rudolf Keyser (1803–1864)
- Rudolf (erkehertug) (1858–1889)
- Rudolf Steiner (1861–1925)
- Rudolf Otto (1869–1937)
- Rudolf von Laban (1879–1958)
- Rudolf Bultmann (1884–1976)
- Rudolf Hess (1894–1987)
- Rudolf Höss (1900–1947)
- Rudolf Nilsen (1901–1929)
- Rudolf Nurejev (1938–1993)
Namnestatistikk
I 2022 var det 285 menn i Noreg som hadde Rudolf som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Rudolf og Hilmar fekk toppfasen sin i perioden 1890–1904, og dette er noko seinare enn toppfasen for dei fleste tyske namna (1860–1874).
Utvikling i bruk av namnet Rudolf frå 1800
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet

Rudolf var klart mest brukt i Kristiania.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Rudolf på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Rudolf var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Rudolph.)
Historisk bruk av namnet Rudolf
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.