Faktaboks

Ronny Brede Aase
Fødd
19. september 1986, Førde, Vestland
Ronny Brede Aase.
Ronny Brede Aase.
Av /SCANPIX.

Ronny Brede Aase er journalist og var i over ti år programleiar i P3morgenNRK Radio saman med mellom andre Silje Reiten Nordnes og Markus Neby.

Bakgrunn

Ronny Brede Aase er fødd i Førde (no Sunnfjord) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Han gjekk ved Mo og Jølster vidaregåande skule frå 2002 til 2005 og studerte digital medieproduksjon ved Høgskolen i Østfold frå 2005 til 2006.

Han vart fødd med blødingar på høgre auge, men på tross av fleire operasjonar blei han blind på det. Han har i tillegg grå stær på det venstre.

Radio og TV

Aase fekk jobb som sommarvikar i NRK Sogn og Fjordane i 2006, og blei tilsett i NRK som programleiar i 2007. Han leia radioprogrammet P3morgen frå 2007 til 2019.

Som programleiar held han eit høgt tempo, er uredd og stilsikker og får folk til å opne seg. Han har òg vore programleiar for fjernsynsproduksjonane P3aksjonen, VG-lista topp 20, Sommeråpent, P3 Gull, Linn og Ronnys tacoshow og Melodi Grand Prix.

I mars 2020 starta Aase og sambuaren Tuva Fellman NRK-podkasten I karantene med Ronny og Tuva, då dei var sett i karantene grunna koronavirus-pandemien. Våren 2021 kom Aase sin eigen dokumentariske underhaldningsserie Eit feitt liv på NRK, der han undersøkte korleis kosthaldet hans påverkar både eiga livsglede og framtidsutsiktene for helsa hans.

I 2021 melde Aase overgang frå NRK til Discovery og TVNorge, siden kjent som Max, der han mellom anna har vore med i Den store matfesten (2022) og den kommande realityserien Først til verdens ende (2025). Samtidig rakk han òg å vera programleiar for Reiseradioen på NRK P1.

Språkmedvit

Aase er medviten om bruken av språket og er eit føredøme for andre som nyttar nynorsk og dialekt. Særleg viktig har han vore for unge som høyrer på P3, for å auke forståinga og toleransen for nynorsk. Aase har skapt sin eigen signatur, og han brukar nynorsk på eit utradisjonelt område.

Utmerkingar og anna

Aase fekk Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar i 2009. Saman med programleiar Live Nelvik blei han kåra til årets radionamn og årets programleiar under prisutdelinga Prix Radio i 2011, og i 2014 fekk han prisen saman med Silje Reiten Nordnes.

I 2017 fekk han igjen prisen, då saman med Nordnes og Markus Neby. Same året fekk Aase, Nordnes og Neby Dialektprisen av Norsk Målungdom. I 2019 fekk han Kringkastingsprisen og i 2024 Prix Radio sin pris for Årets beste radioprogramleiar for Reiseradioen.

Han og Fellman har to born saman. Sidan 2023 har paret skrive tre barnebøker i serien Den lille dachsen saman, og i 2024 vart dei medeigarar i Elvesus Restaurant & Bar i Førde. På eiga hand har Aase skrive boka Lukk auga og tenk på taco: Korleis få helgefølelse – heile veka (2020).

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg