Robinson Crusoe er hovudpersonen i Daniel Defoes berømte roman frå 1719 med same namn.
Faktaboks
- Uttale
-
robinson kruso
- Forfattar
- Utgjevingsår
- 1719
Historia om mannen som leid skipbrot og måtte klare seg på ei ukjend øy, har blitt ein litterær klassikar. Hovudpersonen Robinson Crusoe og følgjespersonen og tenaren hans, Fredag, er to av dei mest kjende karakterane i litteraturhistoria. Det har blitt gitt ut mange utgåver av boka tilpassa yngre lesarar, og det er ei av dei mest kjende barnebøkene i verda.
Robinson Crusoes evne til å klare seg under primitive forhold er det som har gjort boka legendarisk, og namnet til realityserien Robinsonekspedisjonen speler på nettopp dette. Men forfattaren hadde òg andre siktemål med boka. Defoe ville skildre eit menneske som blir drive fram til å tru på Gud. Medan Defoe sjølv vektla det religiøse perspektivet, har litteraturhistorikarar lese boka som eit tidleg døme på den realistiske romanen og spesielt lese henne i lys av Storbritannias imperialisme og kolonialisme, noko som pregar møtet med kannibalane og relasjonen til Fredag.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.