Reginald er eit mannsnamn som har tysk opphav: Regin-ald. Forleddet tyder ‘råd, avgjerd,’ og etterleddet ‘herskar’ (-ald kjem av -wald). Reginald er eldre form av Reinhold.
Reginald (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Reginald
Eit utval personar med namnet Reginald, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Reginald Pole (1500–1558)
- Alfred Reginald Radcliffe-Brown (1881–1955)
- Reginald Joseph Mitchell (1895–1937)
- Reginald Norby (1934–2012)
Namnestatistikk
I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Reginald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Av dei som heitte Reginald i perioden 1900–2017, var det 60 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Reginald. Dette inneber at 40 prosent hadde Reginald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.