Ragnhild Sælthun Fjørtoft
Faktaboks
- Fødd
- 9. juni 1947, Lærdal
- Verke
- Kanalvert NRK
- Familie
-
Gift med Arne Fjørtoft

Karriere
Da ho var 18 år, tok Ragnhild Sælthun ein test som «hallodame» i NRK, men fekk høyre at ho var for ung. I staden blei det lærarstudium i Tønsberg, men i 1969 blei ho tatt opp som stipendiat i NRK, fekk omfattande opplæring i tv-produksjon, og blei tilsett som programmedarbeidar.
Ho er best kjend som programvert, men har òg vore produsent, programleiar, kommentator og omsetjar. Sommaren 2011 var ho reporter i den nesten seks døgn lange direktesendinga Hurtigruten minutt for minutt.
Sælthun Fjørtoft har òg vore leiar for språkarbeidet i NRK.
I 2014 gjekk ho av med pensjon.
Verv
Fjørtoft var medlem av forbundsstyret til Norges Studerende Ungdoms Avholdsforbund (NSUA) frå 1969 til 1970, og har vore styremedlem i UNICEF Norge, Strømmestiftelsen, FORUT – solidaritetsaksjon for utvikling, nestleiar i Antislaveriselskapet og leiar for foreneinga Venner av Det Norske Teatret.
Utmerkingar
Ho mottok Kringkastingsprisen i 1994, Storegutprisen i 2004, heidersprisen under Gullruten i 2006, Kringkastingssjefens språkpris for 2010 og Kongens fortenstmedalje i 2014.
I 2002 gav Sælthun Fjørtoft ut Under bergfall, ei samling av dei kjæraste dikta hennar.
Ho er gift med Arne Fjørtoft
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.