Røde Kors er ein internasjonal humanitær organisasjon som vart stifta i 1863 av sveitsaren Henri Dunant. Organisasjonen har hovudsete i Genève i Sveits, og har som hovudmål å verne menneske i krig og lindre menneskeleg naud og liding.

Røde Kors

Symbola for Røde Kors, Røde Halvmåne og Røde Krystall.
Organisasjon


Røde Kors-rørsla er eit av det eldste og største nettverket i verda av fleire humanitære organisasjonar. Det internasjonale Røde Kors består av Den internasjonale Røde Kors-komiteen, Det internasjonale forbundet av Røde Kors- og Røde Halvmåne-foreiningar (grunnlagt 1919) og dei nasjonale Røde Kors- og Røde Halvmåne-foreiningane. Norges Røde Kors er ei slik nasjonal foreining. I 2006 vart Israels fyrstehjelpsorganisasjon Magen David Adom teken opp som medlem.
Dei nasjonale Røde Kors-foreiningane er organiserte i Det internasjonale forbundet av Røde Kors- og Røde Halvmåne-foreiningar, som også har setet sitt i Genève. Inntil 1991 heitte forbundet Den Internasjonale Røde Kors-ligaen. Forbundet har òg som oppgåve å koordinere dei enkelte nasjonale Røde Kors- og hjelpearbeidet i Røde Halvmåne-foreiningane med andre internasjonale organisasjonar sitt arbeid.
Den internasjonale Røde Kors-konferansen blir halden kvart fjerde år og er den høgaste styresmakta til Røde Kors-rørsla. Her møtest alle dei 193 nasjonale foreiningane for å diskutere og einast om felles prioriteringar. På konferansen deltek òg dei 196 statane som har ratifisert Genèvekonvensjonane for å diskutere humanitære utfordringar og vedta nye samarbeidsplanar.
Røde Kors-emblema
Organisasjonen sitt dominerande og mest brukte emblem består av eit raudt kors på kvit botn, og liknar difor på det sveitsiske flagget som består av eit kvitt kors på raud botn. I dei fleste muslimske land er emblemet ein raud halvmåne. Fordi enkelte land tillegg både kors og halvmåne religiøs symbolikk, vart det i 2005 vedteke eit tredje emblem som består av ein raud krystall på kvit bakgrunn. Røde Kors-emblema er mellom dei mest kjende symbola i verda. Dei har eit spesielt vern, ettersom nesten alle nasjonane i verda har underteikna Genèvekonvensjonane som mellom anna forpliktar krigførande partar å respektere arbeidet til Røde Kors-representantane.
I Genèvekonvensjonane kjem det fram at retten til å bere eit av Røde Kors-emblema i krigssituasjonar er reserverte for spesielt definerte grupper, som militære sanitetssoldatar, militært religiøst personell og Den internasjonale Røde Kors-komiteen.
Genèvekonvensjonane

Røde Kors har drive humanitært arbeid sidan oppstarten i 1863.
Berebjelken i den vidfemnande Røde Kors-verksemda er Genèvekonvensjonane som er folkerettsleg forankra ved at nærare 200 nasjonar har forplikta seg til å fylgje føresegnene i konvensjonane. Sidan 1864 er det jamleg halde ei lang rekkje Genève-konferansar som har munna ut i stadig nye konvensjonar med detaljerte føresegner om kva retter og pliktar som gjeld for Røde Kors-personell, særleg i krigssituasjonar.
Røde Kors sitt viktigaste mandat er å verne såra og sivile, og å gje medisinsk og humanitær hjelp til menneske som er offer for væpna konflikt. Røde Kors har òg rett til å inspisere fange- og interneringsleirar. Eit anna viktig mandat er å spore opp sakna, og gjenforeine familiemedlemer som er kome bort frå kvarandre. Under den internasjonale konferansen i Genève i 1864 vart den fyrste Genèvekonvensjonen om vern av sjuke og såra soldatar i landkrig vedteken. Den internasjonale Røde Kors-komiteen fører kontroll med at Genèvekonvensjonene blir overhalden. I væpna konflikt handlar komiteen i eigenskap av å vere nøytral institusjon. Komiteen har òg ansvar for å samordne all Røde Kors-hjelp til sivilbefolkninga i dei ulike områda som får hjelp.
Grunnleggande prinsipp
Organisasjonen er fundert på sju prinsipp:
- humanitet
- upartiskheit
- nøytralitet
- uavhengigheit
- frivilligheit
- einheit
- universalitet
For å kunne bevare alle si tillit skal Røde Kors ikkje ta parti i konfliktar eller på noko tidspunkt la seg engasjere i usemjer av politisk, rasemessig, religiøs eller ideologisk karakter. Røde Kors er uavhengig av regjeringar og andre internasjonale organisasjonar, men samarbeider med alle regjeringar og organisasjonar innanfor ramma av sitt eige arbeidsprogram.
Fredsprisar

Frå 1. utgåve av Aschehougs leksikon (1906–1913).
Henri Dunant vart heidra med Nobels fredspris då prisen vart delt ut fyrste gongen i 1901. I 1917 og 1945 vart prisen tildelt Den Internasjonale Røde Kors-komiteen, og i 1963 vart prisen delt mellom Den Internasjonale Røde Kors-komiteen og Den Internasjonale Røde Kors Ligaen (Det internasjonale forbundet av Røde Kors- og Raude halvmåne-foreiningar). Røde Kors har 193 nasjonalforeiningar rundt om i verda og består av nærare 100 millionar medlemer.
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
- Den internasjonale Røde Kors-komiteen
- Det internasjonale forbundet av Røde Kors og Røde Halvmåne-foreiningar
- Nasjonale Røde Kors og Røde Halvmåne-foreiningar
- Noregs Røde Kors
- Den Internasjonale Røde Kors-komiteen: Den første Konvensjonen
- Røde Kors: Om Røde Kors-rørsla
- Nobelstiftelsen sine nettsider om fredsprisen 1963
- Nobelstiftelsen sine nettsider om fredsprisen 1944
- Nobelstiftelsen sine nettsider om fredsprisen 1917
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.