Percy Grainger var ein australsk-amerikansk komponist, pianist og folkemusikkinnsamlar. I si samtid var han svært populær både som komponist og pianist over store deler av verda. Grainger knytte sterke band til Skandinavia, og i Noreg er han særleg hugsa som nær ven av den aldrande Edvard Grieg.
Percy Grainger
Faktaboks
- Uttale
- grˈeindʒə
- Fødd
- 8. juli 1882, Brighton, Australia
- Død
- 20. februar 1961, White Plains, USA

Liv
Grainger vaks opp i Melbourne. Frå han var ti år gamal var mor hans eineforsyrgjar. Grainger synte tidleg musikalsk talent, og i 1895 flytta dei til Frankfurt for å la han byrja på Dr. Hoch's Konservatorium. Etter dette busette han seg i London i 1901, der han etablerte seg som pianist og komponist.
I 1917 flytta Grainger til USA, og slo seg ned i White Plains i delstaten New York. Planar om å flytta attende til Australia, som han hadde på både 1940- og 1950-talet, blei aldri gjennomført. I 1928 gifta han seg med den svenske kunstnaren Ella Viola Ström, under ein konsert han dirigerte i Hollywood Bowl, framfor eit publikum på om lag 20000 menneske. På 1930-talet etablerte han Grainger-museet i Melbourne. Etter den andre verdskrigen hadde han dårleg helse og komponerte lite.
I si tid var Grainger kjend både som ein særs gåverik kunstnar og som eksentrisk person. Dei kontroversielle sidene ved han har vore heftig debattert. Grainger var det vi i dag ville kalle ein open rasist og antisemitt, men han fatta samstundes tidleg interesse for kinesisk musikk og jazz. Han var og ein av dei fyrste som samla inn musikken til maori-folket og polynesiarane. Ein fascinasjon for BDSM dokumenterte han sjølv i Grainger-museet. Han stod mora svært nær, og grunnlause rykte om incest mellom dei bidrog til at ho tok livet sitt i 1922.
Musikken til Grainger
Den musikalske spennet til Grainger strekkjer seg frå folkemusikkinsamling via komposisjons- og konsertverksemd til eksperiment med tidleg elektronisk musikk. Verka hans har til felles at dei viser forkastinga hans av dei store klassiske formene, slik som symfoni og sonatesatsform, til fordel for kortare stykke og miniatyrar. Desse er gjerne meir prega av målet om heilskap enn av kontrast og tematisk utvikling. Musikken får likevel særpreg gjennom ei uvanleg merksemd for detaljar og ein hang til uvanlege løysingar: til dømes eksperimenterte Grainger tidleg både med harmonikk og med effektar som ujamne taktartar. I ensembleverk heldt han ei demokratisk fordeling av materiale mellom instrumenta som eit ideal.
Grainger er i dag mest kjend for folketoneomarbeidingar som «Country Gardens», «Shepherd's Hey» og «Irish Tune from County Derry». Desse er alle henta frå hans British Folk-Music Settings, ei samling dedisert til «Edvard Griegs minne i kjærleik og vørdnad». Omarbeidingane ligg gjerne tett opp til originalen, som han anten sjølv hadde teikna ned eller tatt frå ymse trykte kjelder. Omarbeidingane er ikkje formmessig forfina i høve til originalen, dei er heller presentert i dei opphavlege formene som stundom kan vera asymmetriske og bryta med tradisjonelle, kunstmusikalske prinsipp. Variasjonen i satsen kjem gjerne gjennom skifte i dynamikk og tekstur.
Grainger var i åra 1905–1907 den fyrste som samla inn britisk folkemusikk med fonograf. Dette gav han høve til å studera musikken meir inngåande enn samlarar som arbeidde med transkribering frå gehør til notetekst. Noko uventa er det at pianisten Grainger så ofte arrangerte musikken for ulike instrumental- og vokalensemble før han til slutt laga pianoversjonar av omarbeidingane sine.
I USA er Grainger mest kjent som komponist av musikk for brassband og janitsjarkorps, då mykje av musikken hans for desse ensembla var populær under verdskrigane. I det store og heile skreiv han likevel musikk for nær alle typer ensemble som var gjengs i samtida.
Sjølv rekna Grainger det han kalla «fri musikk» som det einaste viktige bidraget sitt til musikkhistoria. Fri musikk var namnet hans på ein musikk han høyrte for seg allereie frå tidleg ungdom av, der både tonehøgd og dynamikk skulle vere frigjort frå musikktradisjonar og avgrensingane til tradisjonelle musikkinstrument. Mot slutten av livet brukte Grainger mykje tid på å eksperimentera med moglegheitene for å realisera dei klanglege visjonane sine. Men Grainger mangla teknologien til å setje ideane ut i livet (synthesizarar var framleis ikkje tilgjengelege), og han har lite faktisk å syna til i denne genren, forutan nokre eksperiment med thereminar og eit maskineri han sjølv fekk laga – ein såkalla «reed box tone tool». Dette arbeidet, som peikar fram mot den elektroakustiske musikken som skulle ta form på den andre halvdelen av 1900-talet, er likevel eit viktig korrektiv til oppfatninga av Grainger som ein komponist som berre arbeidde med korte og tradisjonelle former.
Kommentarar (3)
skreiv Egil Arnt Gundersen
skreiv Egil Arnt Gundersen
svarte Georg Kjøll
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.