Peik er eit mannsnamn som kan forklarast på to måtar: 1. Det svenske ordet pojke med tydinga ‘gut’ som går tilbake til finsk poika med tydinga ‘son’. 2. Det finske peikko som tyder ‘troll’.
I eventyret om Peik blir det fortalt at han gjer folk eit peik, og namnet kan dermed assosierast til uttrykket «gjere nokon eit peik». I bøkene om Peik av Barbra Ring er Peik kortform av dobbeltnamnet Pavel Benedict.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.