Oskar går tilbake til eit toledda irsk mannsnamn: Os-cara. Forleddet tyder ‘hjort’ og etterleddet ‘venn’.
Oskar (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Oskar
Eit utval personar med namnet Oskar, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Oskar Merikanto (1868–1924)
- Oskar Braaten (1881–1939)
- Oskar Kokoschka (1886–1980)
- Oskar Schlemmer (1888–1943)
- Oskar Hokstad (1894–1982)
- Oskar Schindler (1908–1974)
- Oskar Hasselknippe (1911–2001)
- Oskar Sørreime (1919–2007)
- Oskar Stein Bjørlykke (1939)
- Robert Karl Oskar Broberg (1940–2015)
Namnestatistikk
I 2022 var det 5 556 menn i Noreg som hadde Oskar som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 206 gutar som fekk namnet Oskar, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Oskar og Oscar slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Oskar og Oscar hadde toppfasen sin i 1890-åra, og dette kan nok sjåast på bakgrunn av at Oskar var eit svensk-norsk kongenamn: Oskar I og Oskar II. Både Oskar og Oscar har hatt ein ny topp på 2000-talet. Sidan år 1900 har Oskar vore dobbelt så mykje brukt som Oscar.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Oskar var klart mest brukt i Kristiania.
Oskar var klart mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Oscar.)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kisbye, Torben 1983: [Oscar, Orla, Ossian, Selma, Malvina, Minona]. Spor i dansk navneskik fra Ossiandigtningen og den svenske indvandring. [Studia anthroponymica Scandinavica 1].
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.