Olaug Nilssen er ein norsk forfattar, skribent, dramatikar og kritikar.
Olaug Nilssen
Faktaboks
- Fødd
- 28. desember 1977, Førde, Vestland

Olaug Nilssen
Bakgrunn
Olaug Nilssen er fødd i Solheimsdalen i Førde (no Sunnfjord) i Sogn og Fjordane (no Vestland). Ho er cand.mag. frå Universitetet i Bergen med faga nordisk, sosiologi og litteraturvitskap, og ho gjekk på Skrivekunstakademiet i Hordaland.
Forfattarskapen
Prosa
Nilssen debuterte i 1998 med boka Innestengt i udyr. Også Vi har så korte armar (2002) og Få meg på, for faen (2005) er skjønnlitterære bøker som kan kallast romanar. Barneboka Ronnys rumpe kom i 2004, og essaysamlinga Hybrideleg sjølvgransking kom i 2005. I 2009 kom boka Nesten frelst av Sigvart Dagsland. Intervjuboka Kjøkkenbenkrealisme. Ærlege historier om tidsklemma (2012) handlar om tidsklemma og småbarnsfamiliars val og vilkår i kvardagen, både om forfattaren sin kvardag og andre småbarnsforeldre. I romanen Tung tids tale (2017) skriv Nilssen opent om det å vere mor til eit sterkt funksjonshemma barn. I Ikkje tenk på det (2019) skriv Nilssen satirisk om litteraturbransjen. I romanen Yt etter evne, få etter behov (2020) skriv ho humoristisk og alvorleg om ein vanleg familie som har slutta å vere vanleg. Uønska åtferd (2023) handlar om ein dysfunksjonell familie.
Drama
I 2006 debuterte Nilssen som dramatikar med stykket Skyfri himmel på Rogaland Teater. Framføringa var bygd opp kring songar av Bjørn Eidsvåg. Også romanen Få meg på, for faen er blitt dramatisert, og stykket blei spelt på Det Norske Teatret i 2007. Romanen har også vorte film, som var regissert av Jannicke Systad Jacobsen og hausta gode kritikkar. Filmen vann pris for beste manus under Tribeca filmfestival i New York i april 2011 og fekk Amandaprisen 2012 for beste norske kinofilm. I mars 2012 hadde filmen, med den engelske tittelen Turn me on, God damn it, premiere i USA.
I 2013 kom dramastykket Stort og stygt, som var eit bestillingsverk til Det Norske Teatret sitt hundreårsjubileum i Språkåret 2013.
Skrivestil
Forfattarskapen til Nilssen har fleire særdrag. Eit påfallande trekk er det fragmenterte: Tekstane er sette saman av brotstykke og bitar av ulikt slag. Det kan vere dagbøker, dikt, rapportar, referat, avisutklipp, songar, teikneseriar og spørjeundersøkingar. Bøkene har òg sterke trekk av intertekstualitet, noko som er delvis samanfallande med denne fragment-teknikken, ved at eit tekstfragment kan vere henta ein annan stad frå. Men like gjerne ovrar det intertekstuelle seg som skjulte sitat i teksten: brotstykke og bitar av salmar og stumpar og Bibelen og Vangsgutane som dukkar opp og forsvinn att – og skaper attkjenningsglede hos dei som har lese skriftene Nilssen har lånt frå.
Som bloggar var Nilssen utprega subjektiv. Sjangeren er då også ein mellomsjanger, der terskelen er låg for å lyfte private saker ut i det offentlege rommet. «Eit eige rom med utsikt» var likevel ingen påtrengjande privat blogg, i tydinga utleverande. Namnet er også utprega litterært, sett saman som det er av dei to boktitlane A room of one's own (Virginia Woolf) og A room with a view (E.M. Forster). Også som kritikar har Olaug Nilssen valt ein sterkt subjektiv, leiken og uhøgtideleg stil, der kritikarens møte med teksten står sentralt.
Det sceniske, eller teatrale, er tydeleg gjennom heile forfattarskapen til Nilssen. Personane har lett for å tenkje seg at dei blir observerte, og dei set dermed seg sjølve i scene. Det kan vere knytt ulyst til dette, som når Ølgjer Bjørnson i Vi har så korte armar stadig blir observert når han ønskjer å vere usynleg. Eller det kan vere noko ein lengtar etter, slik Maria gjer i Få meg på, for faen, der ho går med replikkane på tungespissen i tilfelle det skulle dukke opp eit fjernsynsteam. Også teksten signaliserer det teatrale ved at det er lagt inn scenetilvisingar, rolleinstruksar og grafiske instruksar i form av store bokstavar, kursiv og ropeteikn. Naturtilstanden er sjeldan. Og der han kjem til syne, er han helst knytt til skam.
Skam som tema
Skam oppstår gjerne der personane har mist kontrollen og avslørt kven dei verkeleg er. Det kan skje gjennom at dei snakkar altfor mykje om banale, private ting, eller at kroppen avslører lyst i utide. Ukontrollert inntak av mat og alkohol er òg skammeleg. For bondestudentane i Vi har så korte armar er det skammeleg å kome frå bygda. Å bli sett som den ein er, utan å bli hengd ut til spott og spe, er ein utopi mange av personane deler.
Anna litterært engasjement
I 2008–2010 var Olaug Nilssen dagleg leiar ved Skrivekunstakademiet. Ho har vore aktiv i tidsskriftet Vagant, og saman med Gunnhild Øyehaug starta ho i 2005 tidsskriftet Kraftsentrum, der ho var medredaktør til bladet gjekk inn i 2008. I fleire år hadde Nilssen bloggen «Eit eige rom med utsikt», som blei nedlagd i 2008. Ho har også vore aktiv som kritikar og som foredragshaldar. I 2006 var ho festspeldiktar under Dei nynorske festspela. I perioden 2010–2012 sat ho som rådsmedlem i Kulturrådet.
Utmerkingar
I 2004 blei Nilssen kåra av Morgenbladet til ein av dei ti mest interessante forfattarane under 35 år. I 2006 blei ho kåra til Årets rollemodell av lesarane av Det Nye. Nilssen fekk stipend frå Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond og Sigmund Skard-stipendet i 2004. Året etter, i 2005, fekk ho Bergensprisen for boka Få meg på, for faen. I 2005 fekk ho òg Sunnmørsprisen. I 2017 fekk ho Brageprisen for Tung tids tale. Same året mottok ho Klassekampen sin kulturpris, Nashornet. I 2019 fekk ho Doblougprisen. I 2021 fekk Nilssen Stiftelsen Fritt Ords Pris 2021 saman med Bjørn Hatterud og Jan Grue for deira sterke og kritiske bidrag til å belyse samfunnssituasjonen og ytringskulturen for funksjonshemma i Noreg.
I 2024 fekk Olaug Nilssen Amalie Skram-prisen. I grunngjevinga står det blant anna: «som Amalie Skram, viker ikke Olaug Nilssen unna i møte med det ubehagelige, det smertefulle og det skambelagte.»
Bibliografi
- Innestengt i udyr (Roman, Samlaget, 1998)
- Vi har så korte armar (Roman, Samlaget, 2002)
- Ronnys rumpe (Billedbok, Cappelen Damm, 2004)
- Hybrideleg sjølvgransking (Essay, Samlaget, 2005)
- få meg på, for faen (Roman, Samlaget, 2005)
- Rosa prosa : om jenter og kåthet (Medforfatter) (Noveller, Gyldendal, 2006)
- Nesten frelst av Sigvart Dagsland (Samlaget, 2009)
- Stort og stygt (Dramatikk, Samlaget, 2012)
- Kjøkenbenkrealisme – Ærlege historier om tidsklemma (Samlaget, 2012)
- Tung tids tale (Roman, Samlaget, 2017)
- Ikkje tenk på det (Drama, Samlaget, 2019)
- Yt etter evne, få etter behov (Roman, Samlaget, 2020)
- Uønska åtferd (Roman, Samlaget, 2023)
Les meir i Store norske leksikon
Ekstern lenke:
Litteratur
- Vassenden, Eirik: "Så eller men : Olaug Nilssens store og små bokstaver" i Den store overflaten : tekster om samtidslitteraturen, 2004, 179-195
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.