Mikal (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Mikal
Eit utval personar med namnet Mikal, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Olav Mikal Hanssen (1878–1965)
- Mikal Gaalaas (1895–1976)
- John Mikal Kvistad (1965)
Namnestatistikk
I 2022 var det 923 menn i Noreg som hadde Mikal som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 13 gutar som fekk namnet Mikal.
Av dei som heitte Mikal i perioden 1900–2017, var det 63 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Mikal. Dette inneber at 37 prosent hadde Mikal som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Forma Mikal var meir vanleg enn Mikael/Michael på 1800-talet, men i perioden 1900–2017 var det omvendt, for då var Mikael/Michael meir enn fire gongar meir brukt enn Mikal. Det var særleg rundt år 2000 at paret Mikael/Michael var populært.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Mikal var mest brukt i Troms.
Mikal var mest brukt i Troms. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Michal.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.