Mikael (mannsnamn)
Kjende personar med namnet Mikael
Eit utval personar med namnet Mikael, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Mikael Fjodorovitsj Romanov (1596–1645)
- Karl Mikael Bratbost (1860–1904)
- Mikael Skjelderup Hertzberg (1874–1927)
- Mikael Aleksandrovitsj (1878–1918)
- Ørjan Mikael Olsen (1885–1972)
- Mikael 1. (konge av Romania) (1921–2017)
- Mikael Wiehe (1946)
- Mikael Niemi (1959)
- Mikael Persbrandt (1963)
- Mikael Torfason (1974)
- Mikael 5. Kalfat
Namnestatistikk
I 2022 var det 3 050 menn i Noreg som hadde Mikael som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 44 gutar som fekk namnet Mikael.
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Mikael og Michael slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Mikael var blant dei bibelske namna som vart populære rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Adam, Aron, Benjamin, David, Filip, Joakim, Lukas, Markus, Mathias, Noah og Ruben. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Mikael var mest brukt i Bergen og Nord-Trøndelag.
Mikael var mest brukt i Bergen og Nord-Trøndelag. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Michael.)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.