Markus (mannsnamn)
Personar med namnet Markus
Kulturell bruk
- Markus er hovudperson i «Kilden» (1918) av Gabriel Scott.
Kjende personar med namnet Markus
Eit utval personar med namnet Markus, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Markus Wolf (1923)
- Karl-Markus Gauß (1954)
- Markus Nummi (1959)
- Markus (i kristendommen)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er stavevariantane Markus og Marcus slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Markus og Marcus er blant dei bibelske namna som vart populære rundt år 2000. Andre døme på bibelske namn med liknande kurveprofil er Adam, Aron, Benjamin, David, Filip, Joakim, Lukas, Mathias, Mikael, Noah og Ruben. Populariteten for slike bibelske namn kan sjåast i samanheng med det internasjonale oppsvinget for desse namna dei siste åra. Dette viser seg også ved ein internasjonal stavemåte av nokre av desse namna, til dømes Marcus i staden for Markus.
Geografisk variasjon på 1800-talet

Markus var mest brukt i Troms.
Markus var mest brukt i Troms. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Marcus.)
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.