Marino er eit mannsnamn som kan vere italiensk form av latin Marinus. Namnet kan også vere avleidd av kvinnenamnet Maren.

Personar med namnet Marino

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet, var styrmann på kystdampskip Jens Marino Nottosen fødd 1876 i Arendal, busett i Barbu (Aust-Agder) i 1900.

Kulturell bruk

  • Etter tradisjonen skal namnet på den vesle staten San Marino gå tilbake til den kristne steinhoggaren Sanct Marinus (italiensk San Marino) som på 300-talet grunnla denne staten.

Kjende personar med namnet Marino

Eit utval personar med namnet Marino, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 30 menn (fødde i Noreg) som hadde Marino som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Av dei som heitte Marino i perioden 1900–2017, var det 84 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Tor Marino. Dette inneber at 16 prosent hadde Marino som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg